søndag 2. desember 2007

Oppsummering av praksis

Oppsummeringa skulle eigentleg gå føre seg på Kattanakken, men grunna snø, is og litt vind vart planen endra. No vart det ein liten rusletur i skogen før me enda opp hjå Birgit med kaffi og vaffler. Eg har full forståelse for valet, men er framleis litt snurt for å ha gått glipp av ein flott dag i fjellet:)

Oppsummeringa var, etter mitt syn, ein triveleg og sosial dag. Men dessverre ikkje noko stor dag reint fagleg. Me som var på Langeland har snakka jamt og trutt gjennom heile praksisen, med stort fagleg utbytte. Dei erfaringane me kunne fått frå den andre klassen vart det heller dårleg med. Klassane fordelte seg i stor grad internt, og dermed mista mange sjansen til å utveksla erfaringar.

Det verka òg som me studentar ikkje var topp motiverte for ein slik dag. Praten gjekk laust, men glei fort ut i andre emner enn det som var tenkt.

Nyredigert 08.04.2008

Etter å ha fått dagen og oppsummeringa noko meir på distanse, luftar eg no dei tankane eg sit igjen med.

Framleis sit eg med kjensla om at me som studentar ikkje var skikkeleg motivert for å tenkje fag denne dagen. Sosialt var det ein strålande dag, men ikkje reint fagleg. Dersom eg har gitt uttrykk for noko anna i innlegget over vil eg prøve å oppklare det no. Tanken bak, og innsatsen frå HSH (Birgit) si side er eine og åleine positiv. Med ansvar for eiga læring er det oss som studentar sitt ansvar å nytte sjansane me får.

Kvifor motivasjonen ikkje var tilstades, er vanskeleg å sei. For oss "på" Langeland vart dette mykje repetisjon av dei diskusjonar me hadde vore gjennom allereie, og dermed kanskje litt keisamt. For min del fekk eg heller ikkje det store ut av den kontakten eg hadde med B-klassen. Dei utsagna eg høyrde, omhandla dei same tema som me opplevde i A-klassen. Likevel vart det mangen av B-klassestudentane eg ikkje veksla ord med. For alt eg veit, var det kanskje andre team som kom på banen hjå dei/deira gruppe.

Konklusjonen blir då at det faktiske faglege resultatet ikkje var det heilt store, men moglegheita var absolutt tilstades for å nytte dagen godt.

Ingen kommentarer: