Bedre seint enn aldri eller kva.......Uansett kjem i alle fall innlegget frå verktyutprøvinga torsdag 14. januar.
Som de kanskje skjønar ut frå overskrifta, tykte eg dette var ein leiketime/økt. Prøve og feilemetoden stod sentralt då me laga både teikneserie og animasjonsfilm. Grunna ei feiltolking, frå mi side, om info på fronter, hadde eg ikkje med PC. Derfor plasserte eg meg sjølv i lag med dels Tone Helen og dels Franny. PC-oppgåvene me fekk vart derfor gjenn0omført på deira maskin. Likevel må eg jo sei at økta var morosam, sjølv om eg er noko kritisk til bruken av ressursar på ei slik økt. Sidan det var mykje eigenarbeid med prøving og feiling (leiking), kunne store delar vore gjennomført som sjølvstudium. Dugleikar innan digitale forteljingar, animasjon teikneserie osb vil nok vera både spanande og nyttig for elevar, men å bruke ei heil førelesing på dette er ette mi meining feil bruk av ressursar.
lørdag 26. januar 2008
fredag 11. januar 2008
Nettvett med fusk og fanteri
For å starte med bolken om nettvett, er eg både skremt og ein tanke irritert. Likevel må eg sei at eg ikkje er svært overraska, det er mange "sjuke" folk rundt omkring, med dei raraste interesser. Det er òg det som både skremmer og irriterer meg. Kor lett det er for ein person å uttrykkje om dei mest absurde tema, i ein chat, var ein verkeleg tankevekkar. Det vesle forsøket til Ane viste nettopp dette. I byrjinga tykte eg det var mest god underhaldning å sjå alle dei tragiske sjelene som må ty til ein chatekanal for å kome i kontakt med andre menneske. Me netter kvart oppdaga eg at det kanskje verkeleg er noko i dei medieoppslaga me får servert om barn som er lurt osv.......
Fusk og fanteri, derimot, er eit mykje trivelegare tema. Det betyr ikkje at temaet ikkje er viktig og akkurat her vil eg skryte av HSH. Det er den første høgskulen eg har vore innom, som totalt er fem stk, som arbeider så aktivt for å informere studentane sine om krav til referansar, løyve osb etter Åndsverkslova. Som ein erfaren "fuskar" er det triveleg å sjå kva delar av rullebladet mitt som bør strykast, og kva delar som kan stå slik dei er. Eg håpar, og trur, for framtida at me vil få konstruktive tilbakemeldingar på korleis me tolkar og rettar oss etter desse lover og reglar.

Abonner på:
Innlegg (Atom)