For å starte med bolken om nettvett, er eg både skremt og ein tanke irritert. Likevel må eg sei at eg ikkje er svært overraska, det er mange "sjuke" folk rundt omkring, med dei raraste interesser. Det er òg det som både skremmer og irriterer meg. Kor lett det er for ein person å uttrykkje om dei mest absurde tema, i ein chat, var ein verkeleg tankevekkar. Det vesle forsøket til Ane viste nettopp dette. I byrjinga tykte eg det var mest god underhaldning å sjå alle dei tragiske sjelene som må ty til ein chatekanal for å kome i kontakt med andre menneske. Me netter kvart oppdaga eg at det kanskje verkeleg er noko i dei medieoppslaga me får servert om barn som er lurt osv.......
Fusk og fanteri, derimot, er eit mykje trivelegare tema. Det betyr ikkje at temaet ikkje er viktig og akkurat her vil eg skryte av HSH. Det er den første høgskulen eg har vore innom, som totalt er fem stk, som arbeider så aktivt for å informere studentane sine om krav til referansar, løyve osb etter Åndsverkslova. Som ein erfaren "fuskar" er det triveleg å sjå kva delar av rullebladet mitt som bør strykast, og kva delar som kan stå slik dei er. Eg håpar, og trur, for framtida at me vil få konstruktive tilbakemeldingar på korleis me tolkar og rettar oss etter desse lover og reglar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Når det gjeld attendemelding i høve "fusk og fanteri", så får de fyrste kommentar i høve ped/mat oppgåva. Den vert grundig gjennomgått og i høve til nettopp dette!
Birgit :-)
Hei! Eg er enig med deg i at det enormt mykje skummelt som born og unge kan møta når dei chattar. Det er i tillegg til Ane studentar i min klasse som har prøvd seg på chatte-kanalar på nettet og det er ein enorm respons....Eg meinar at elevane bør informerast meir på skulem om dette temaet. kva meiner du at kan gjerast for å informere elvane om dette?
Eg synes og det at høgskulen har vore flink til å informere oss om kildehenvisningar osv. håper me får meir av dette:)
Legg inn en kommentar