Nok ein gong eit utruleg viktig og interessant tema for alle, ikkje berre lærarar. Teorien som er i pemsum tykkjer eg er svært relevant og spanande. Dei to øktene me har hatt fram til no har vore prega av litt forvirring og mangelfull organisering. Likevel har det vore lærerikt nytte andre arbeidsmetodar enn vanleg. Eg tykkjer det er positivt å få prøve ut ulike arbeidsmetodar, sjølv om ikkje alt er like vellukka. Eg har i alle fall merka meg nokre av fellene som er mogelege å gå i. Sjølv om eg heilt sikkert vil ende opp i nokre sjølv, er det bra å få ei viss forståing om kva som kan gå galt.
Nyredigert 07.04.2008
Nye tankar har dukka opp hjå unge Hjortland utover våren. I praksis har eg fått sett og opplevd både motiverte og umotiverte elevar. Det har gjort meg meir nyfiken på motivasjon, og dei tankane vil eg prøve å gje uttrykk for no.
I løpet av dei siste praksisvekene opplevde me mellom anna elevar som ikkje såg relevansen i faga, elevar med angst for å mislukkast samt sprikande forventningar mellom elevar og lærar/undervisningsplan. Eg fekk òg kjenne på kroppen kor vanskeleg det var å motivere elevar som hadde "dratt ned rullegardina". Tilbake på HSH tok eg meg tid til å studere emne motivasjon grundigare. Sjølv om eg var kjend med dei ulike formene for motivasjon, var det godt å repetere dei.
Som idretts- og fjellsportsmenneske er eg godt kjend med prestasjonsmotivasjon - har kjend det på kroppen sjølv og sett andre som har ei slik kjensle. Mi erfaring seier at den kjensla ofte kjem når ein står i pressa situasjonar, og særleg dersom di avgjerd/prestasjon påverkar andre. Ved å sjå oss sjølve er det jo nettopp det me som framtidige lærarar skal gjera - ta avgjerder som påverkar andre liv.
Mazlov sitt behovshierarki er òg mykje kjent stoff. Grunnleggjande behov vil vera ein stor motivasjonsfaktor og på sin måte appelere til handling og aktivitet. Eg tykkjer det er lett å kjenne seg igjen i dei ulike stadia, noko eg trur alle gjer - frå tid til anna.
Dei to teoriane eg likevel meiner passar best er utforma av John Dewey og Albert Bandura. Eg støttar Dewey sin tanke om at aktivitet der deltakarane kan bestemme føresetnadane sjølve skapar lyst til å delta. Lysta til å delta er eit svært godt utgangspunkt for meistring, som eg meiner er den viktegaste motivasjonsfaktoren. Her kjem Albert Bandura sin Self-Efficacy inn i bilete. Denne teorien legg til grunn fire kjelder for motivasjon:
- eiga meistring - en sterkaste og viktegaste faktoren som gjev tru på eigne dugleikar
- å sjå andre, lik deg sjølv, lukkast - skapar motivasjon og tru på eigne dugleikar
- verbal overtaling - viktige personar for deg motiverer ved å ytre tru på dine dugleikar
- indre stemme/"val" av utfordring - kroppen sin ubevisste reasjon på utfordringar ("dette klarer eg"/"klarer ikkje"). Denne kan samanliknast med Vygotskij si proksimale utviklingssone. Utfordringar innanfor sona vil kroppen reagere på med "dette klarer eg" mens utfordringar utanfor sone vil gjere kroppen mindre motivert.
Ved å bruke desse teoriane/tankane bevisst, håpar eg å verta ein flinkare motivator for både framtidige elevar og andre menneske eg skal ha kontakt med.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Å organisera grupper slik at alle MÅ delta er vanskeleg. Du finn nok dine eigne metodar ein gong.
Har du fått reflektert litt over det faglege også? Noko av dette er svært relevant i høve til Kunnskapsløftet.
Legg inn en kommentar