mandag 10. september 2007

Læraren sitt mandat og mange oppgver

"Læraren hadde høge hugmål, og var engasjert i fråhaldssak, målsak, norskdom og kristendom. Han levde med folket i glede og sorg, og han var kyrkjesongar, og forsongar ved gravferder og slikt. På 17de mai var han sjølvskriven talar. Det var han som hadde lengste maisløyfa i jakkeslaget, og dette vart oppfatta som han var den som stod på høgast nivå i kunnskap og nasjonalkjensle" (Slagstad, Rune. De nasjonale strateger Pax, Oslo (1998)).

Sitatet over er ei skildring av læraren(rollen) frå siste halvdel av 1800-talet, då folkeskulen var i startfasen. Allereie då hadde læraren mange ulike oppgåver, om enn litt annleis enn i dag. Som Slagstad skriv stod læraren òg på høgste nivå innan kunnskap og var eit av dei yrka med størst anerkjensle.
Endringa for læraren fram til i dag syns, på enkelte område, er litt trist. Først og fremst tenkjer eg på statusen til læraryrket. Pr i dag tykkjer eg ikkje anerkjensla til læraren står i forhold til ansvaret som ligg på skuldrane deira. Eidsvåg seier òg at læraryrket ikkje er ein jobb, men meir eit kall.

Ansvaret gjeld jo meir enn undervisning av born, men òg for eksempel oppdraging og omsorg. Eg håpar derfor denne utvklinga vil endre seg igjen, slik at lærarane igjen kan få gode rammevilkår for å utføre arbeidet best mogeleg. Eg stiller meg derfor bak Høgskulen i Sogn og Fjordane som byrjar lærarutdanninga med å sei: "Velkommen til verdas viktigaste yrke "


Nyredigert 10.04.2008


I løpet av året som snart er gått, har òg tema for denne førelesinga blitt meir og meir interessant. Førelesinga som tok føre seg dei oppgåver ein lærar må meistre. Bakgrunnen er rett å slett dei styringsdokument som er utforma frå sentralt hald. Mellom anna er skulen "berre" ein oppbevaringsplass for born til dei når arbeidsalder, og skulen vil då vera ein viktig del av oppdraginga. Skulen er altså ikkje ein rein utdanningsinstitusjon, men og ein oppdragarinstisusjon. Dette fører til at læraren får stadig fleire "sko" å fylle og fleire roller å spele.

Personleg tykkjer eg det er vanskeleg å velgje ut ei eller nokre roller som er viktigare enn andre. Rolla læraren har som leiar ser eg på som grunnmuren i heile yrket, og dermed òg udiskutabelt den viktigaste. Dersom eg ser vekk frå leiarrolla, og prøver å velgje ein eller to roller, må det bli organisatoren og "psykologen". Organisatoren tek handterer alt rundt undervisninga, medan "psykologen" handterer all kontakt mellom menneske.

Målet for organisatoren er å leggje opp til god og inspirerande undervisning. Dette omfattar både planlegging, gjennomføring/framføring og vurdering/vegleiing. Psykologen har som mål å skape gode relasjonar til elevane - noko som gjer han/ho til ein tillitsperson og truleg godt førebilete.

2 kommentarer:

Tone Helen sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Tone Helen sa...

Det er trist at læraryrket ikkje blir sett særleg stor pris på lengre. Det som er mest trist er kanskje det faktumet at folk i dag trur at læraryrket i dag berre er ein dans på roser. Oppfatninga til folk i dag er at lærarane har korte dagar, lange feriar og ikkje er det særleg fysisk krevande å vera lærar heller. Når eg høyrer sånne uttalelsar kjenner eg at eg blir sint. Dei har jo ikkje peiling på kva dei snakkar om. Hadde dei stoppt opp i 2 sekunder å tenkt seg om, hadde dei kanskje komt på betre tankar. Skulle ein lærar gått rundt med sånne holdningar, då hadde det ikkje blitt mykje læring på elevane. Det er jo tross alt deira born me skal undervisa.

Det var eit bra innlegg, men kanskje du kunne fått med litt meir om kva økta handla om. Det blei veldig mykje om læraren sin status, å litt lite om det andre.