Den læraren eg kanskje hugsar best frå barneskulen er ein av dei som fylgde meg gjennom to år, 5. og 6. klasse. For det første var det ein mann, ikkje at det betyr noko, men det var no ein gong slik. Han var av den tradisjonelle typen med masse praktisk kunnskap om ulike tema, og med eit hardbarka andlet. I perioden han var lærar for meg nærma han seg 60 år, med ein byrjande måne omkransa av grå hår. Brystkassen som, i fylgje han sjølv, ein gong hadde vore kraftig og solid, var berre eit buksebeltet frå å nå golvet.
Som lærar var han etter mitt syn, den gongen, heilt strålande. Han var den læraren eg lærde mest av i heile grunnskulen. Grunnen til det var nok sett saman av ulike faktorar. For det første hadde han eigenskapen til å setje teori opp mot praksis. Denne kombinasjonen gjorde at han fanga opp både dei som var teoretisk flinke og dei med meir praktisk handlag. Klassen(ane) blei svært godt samansveisa sidan alle hadde kjensla av å meistre noko i løpet av skuledagen.
I sjølve undervisninga var denne læraren tydeleg i alt han føretok seg, mellom anne kva han venta seg tilbake frå oss elevar. For det er ikkje til å leggje skjul på at han stilte krav til innsats i dei ulike faga. Slike krav syns eg var heilt strålande å få, mest av alt for å ha noko bestemt å jobbe mot. Eg tykte òg han var dyktig til å finne gode sider ved personar, for så å fokusere på dei. Elevane følte seg dermed trygge og hadde lettare for å innfri forventningane som blei stilt.
I tillegg til desse mellommenneskelege eigenskapane, var han sjølvsagt fagleg dyktig (teori). For min eigen del kom dei likevel litt i andre rekkje. Eg opplevde det slikt at på grunn av eit godt klassemiljø, vart det lettare å utbytte av det faglege.
For min eigen del har eg ynskje om å trekkje ut, og nytte meg av, dei sidene ved denne læraren eg tykte fungerte. Det er svært sannsynleg at nokre av metodane må moderniserast ein tanke, men eg tykkjer likevel utgangspunktet er så bra at det er verdt å satse på. Fokus på det positive, kombinasjon mellom teori og praksis samt tydelege meldingar, f. eks. forventningar og krav, er eigenskapar eg ynskjer å ta med meg, frå denne læraren, og inn i læraryrket.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Kjenner mykje igjen dette i min best lærar også :)
Mange gode poeng, spesielt på det mellommennesklege plan.
Eg likte veldig godt måten du skildra læraren din på, Bertin. Du får og fram kva eigenskapar det var ved han som gjorde at du både kjende deg trygg og ivaretatt, samt lærte noko og fekk meistringskjensle... Det med at alle elevar får oppleva å meistra noko kvar dag, er eit veldig viktig poeng.
Det er flott at du ynskjer å ta med deg det beste ved han ut i din eigen praksis...
Birgit :-)
Legg inn en kommentar