mandag 10. september 2007

Observasjon

Eg dristar meg til å koma med ein påstand: Observasjon er den vanlegaste og mest populære aktiviteten for eit menneske. Det er noko alle gjer, bevisst eller ubevisst, så godt som heile tida. Observasjon blir blir brukt som verktøy i dei fleste yrkesgrupper, enten for å tileigne kunnskap og ferdigheiter eller for å utføre arbeidet best mogeleg. Politi, industri, bonde, og lærar er alle eksempel på yrke som krev observasjon. Forskjellen ligg i kva som blir observert og korleis. Industri og politiyrke observerer mykje for å skilje rett og galt. Medan ein bonde og ein lærar observerer for å ta vare på dyr, planter og menneske. Grensene er sjølvsagt glidande, men poenget mitt er at når det dreier seg om utvikling av levande organismar er det fleire variablar å ta hensyn til.

For å rette det mot læraryrket kjem eg med ein ny påstand: Observasjon er den eldste måten å tileigne seg ferdigheiter på. Me byrjar allereie som små, ved sjå på foreldra våre. Alt skjer utan nokon form for instruksjon i korleis observere. Born vil etterlikne aktiviteten dei har observert, og ved eigen, ubevisst, refleksjon eller instruksjon tileigne seg kunnskap og ferdigheiter.

Denne undervisningsmetoden er den tradisjonelle måten å lære born prakiske ferdigheiter. Me kan sjå det i Norge så vel som i resten av verda. Niels Faarlund har kalla denne modellen "bestefarsmodellen", og er henta frå Nepal der besteforeldre lærer barnebarn, gjennom observasjon - instruksjon, prøving og feiling, å utføre f. eks. gardsarbeid. I dagens norske samfunn er ikkje dette like vanleg, men i "gamle dagar" var modellen den same som i dagens Nepal.

Med historien som bakgrunn vil eg sei at eg er svært nøgd med å starta praksisopplæringa med observasjon. Personleg trur eg det vil bli vanskeleg å berre halde seg til observasjon, men det er ei utfordring eg må ta på strak arm. Eg gler meg i alle fal som eit born til å kome ut i felten.


Nyredigert 10.04.2008

No i ettertid har eg oppdaga kva gode eigenskapar innan observasjon kan gjere for ein lærar. Som sagt observerer me heile tida, bevisst eller ubevisst. Som lærar vil elevane vera "offer" for mykje av denne observasjonen. For å danne seg eit totalbilete av ein elev vil observasjon vera eit sentralt verkty. Både positive og negative sider av eleven/gruppa vil truleg kome fram over tid. Ved å vera til stades og fylgje med (observere), vil ein kunne sjå evt problem eleven/gruppa slit med. Dette kan gjelde både faglege, sosiale, samt symptom på moglege medisinske problem. Men observasjon vil ikkje berre "avdekke" negative trekk. Positive trekk/handlingar hjå ein elev/gruppe vil sjølvsagt òg registrerast, og sidan LK06 har fokus på det positive er dette eit godt hjelpemiddel.

Det var nok denne, "faglege", forma for observasjon som var hovudtema i førelesinga 10.09.2007. Som sagt har eg blitt meir og meir bevisst på obervasjonsoppgåvene ein lærar har. Det er tross alt ein av eigenskapane som gjer oss til gode omsorgsmenneske - når me kan sjå andre menneske som har problem eller gode eigenskapar.

2 kommentarer:

Kari sa...

Hei Bertin!
Er enig i påstandene dine om observasjon :) Me brukar det heile tida, bevisst eller ubevisst. Det er litt interessant å setja det litt i system og få ord på det me gjer. Det gjer at me blir meir bevisst på ting. Samstundes må me vera obs så me ikkje feiltolkar det me ser. Flott du gler deg til praksis, det gjer eg og!

Tone Helen sa...

Observasjon er heilt klart ein del av kvardagen til folk. Men eg har ikkje tenkt over kor mykje tid me faktisk brukar på observasjon i løpet av ein dag. Me brukar det jo tross alt i meste alt me føretar oss.
Du har fått me mykje bra i dette innlegget!