mandag 8. oktober 2007

Læraren i dagens skule/klasserom

«Læraren hadde høge hugmål, og var engasjert i fråhaldssak, målsak, norskdom og kristendom. Han levde med folket i glede og sorg, og han var kyrkjesongar, og forsongar ved gravferder og slikt. På 17de mai var han sjølvskriven talar. Det var han som hadde lengste maisløyfa i jakkeslaget, og dette vart oppfatta som han var den som stod på høgast nivå i kunnskap og nasjonalkjensle»

Sitatet har eg brukt tidlegare i bloggen, men tykte det passa godt inn her òg. Dette var krava ein lærar måtte innfri for 100 år sidan. Kva er så endra fram til i dag?

Sitatet fortel oss at ein lærar er "på jobb" heile tida. Handlingane til ein lærar påverka (lokal)samfunnet - noko som gjeld i vår tid òg. Læraren måtte/må planleggje, gjennomføre og evaluere undervisningsøkter i begge tidsperiodar. I tillegg var/er læraren viktig for sosialiseringa til elevar.

Ulikskapane er først og fremst teknologien, men også fagsamansetninga og verktøy/metodar læraren kunne nytte seg av. Disiplin både var, og er, viktig for god undervisning. Der læraren rundt 1900 kunne nytte seg av fysiske og psykiske straffemetodar, må dagens lærar bruke innsida av hovudet for å skape ro og orden. Dette har endra lærarrollen frå autoritær til ein autoritet.

Spørsmålet er derfor korleis læraren kan bruke autoriteten sin til det beste for elevane. Fagleg og sosial læring er viktige grunnar til at elevar blir sendt på skulen. Denne førelesinga gav oss ei rekkje tips til korleis handtere dette best mogeleg.

I det store og heile er eg einig/positiv til desse verkemiddela, men dei må brukast fornuftig og på riktig tidspunkt. Den raude tråden er likevel å vera tydeleg og konsekvent i alt ein føretek seg - superviktig for å skaffe seg autoritet. Som "krydder" i kvardagen kjem positivitet, engasjement og humor. Alt dette er eigenskapar som må trenast for å bli gode - rett plass, rett tid, rett måte er svært viktig for å bli oppfatta som ærleg og motiverande.


Nyredigert 08.04.2008

Som eg skriv i svaret til Anna Kristin var det ingen revolsjonerande nyhende for meg med tanke på arbeidsmetodar. Metodane var kjende frå før sjølv om det er små tips og hint som er gode å få med seg. Å høyre andre sine erfaringar er òg spanande. Den !store" tanken" eg sit igjen med no i seinare tid er kor viktig det er med variasjon. Elevar treng varierte oppgåver for å lære best mogleg. Elevar lærer best på ulike måtar og ved variasjon er det stor sjanse for at alle opplever meistring. Eg har opplevd under praksis kor mykje meistringskjensla har å sei for elevar, og jo oftare dei oppever den, jo meir motivert blir dei til vidare arbeid.

Slik eg ser det, må dette vera det beste resultatet/utbytte av å variere arbeidsmetodane i løet av ein skuledag. Om ikkje anna er denne tanken bygd på eigne erfaringar frå mellom anna praksisen dette året.

Når det gjeld arbeidsmetodar var det ikkje noko revolusjonerande for meg i denne førelesinga. Har vore innom dei ulike metodane både som student og under arbeid. Men eg må ærleg vedgå at nokre små AHA-opplevingar likevel. Det hadde først og fremst med framstillinga til Birgit å gjera, og hennar erfaringar - gode tips å ta med vidare (t.d. boksesekken).

3 kommentarer:

Anna Kristin sa...

Hei, Bertin!

Eg synest du skriv bra, som vanleg!
Du er ein svært "oppegåande" mann!

Med tanke på det du skriv om humor,
er eg heilt eining. Og eg er ikkje i tvil om at du kjem til å nytta humor i undervisninga di!!!!!

For å vera kritisk ven, må eg spørja om du lærte nokre nye arbeidsmetodar, eller hadde du høyrt om alle før?

Mvh Anna Kristin

Håvard Haga sa...

Eg og saknar dømer, eller evt. opplevingar du hadde under praksisperioder. Gode eller dårlige. Ka syn du har på dette. Har du evt, hatt ein lærar som ikkje klarte og balansera rolla si?

Eg for min del hadde ein norsklærar i 10.klasse. Han gjekk i åletrange kvite t-skjorter, der me enkelt kunne sjå brystvortene hans. Han var veldig muskuløs og lika jo og framheva dette. Han var veldig "ovenpå" i måten han underviste på, og var spesielt "ignorerande" i høve til oss gutar. Dette førte til at jentene digga han, og alle gutane hata han. Karakterane vart såleis.

Heldigvis skjedde dette i 9.klasse, så me fekk retta det opp i 10.klasse. Eg har ikkje sett han sidan den tid. Eg meiner dette er eit godt eksempel på ein lærar som ikkje klarar og få respekt, og vera autoritær for alle elevane. Det han kanskje var dårligast på, var og sjå elevane, og gi dei oppfølging om dei trengde det, så han tenkte mest på seg sjølv.

Bertin sa...

Takk for kommentarane begge to!!!

Eg prøvar å svare begge i same innlegget (latskapen lenge leve).

Når det gjeld arbeidsmetodar var det ikkje noko revolusjonerande for meg i denne førelesinga. Har vore innom dei ulike metodane både som student og under arbeid. Men eg må ærleg vedgå at nokre små AHA-opplevingar likevel. Det hadde først og fremst med framstillinga til Birgit å gjera, og hennar erfaringar - gode tips å ta med vidare (t.d. boksesekken).

Når det gjeld eigne erfaringar har eg, som sikkert dei fleste, møtt fleire ikkje-leiarar enn leiarar (Eg tenkjer no òg læraren som ein leiar). Dessverre har eg måtta slita med ein del slike, ikkje i grunn- og vidaregåande skule, men meir som student og i jobbsamanheng. Som Håvard skriv er dei verste personane nettopp dei som har eit stort markeringsbehov.

Særleg ein av førelesarane mine frå Sogndal var av denne typen. Han verka svært oppteken av alt som var negativt med og rundt oss studentar. Kombinert med ein sterk trang til å kommentara dette, helst framfor flest mogeleg, vart det mykje misnøye med denne personen. Ellers møter eg ein del personar av denne typen som kursinstruktør (ski, bre og klatring). Forskjellen er at desse prøvar ofte å skjule denne oppførselen for oss instruktørar, mens andre deltakarar får " i bøtter og spann"