Då hadde endeleg alle gruppene lagt fram sitt resultat av prosjektet. Derfor tek ei aldri så lita oppsummering over mine tankar rundt både framføringane og dagens undervisning.
For det første tykte eg det var fint med ulike vinklingar rundt ulike læringssyn. Slike "detaljar" gjorde at eg måtte gå litt i meg sjølv å tenkje over kva eg meiner er viktig å leggje vekt på innan dei ulike retningane. Resultatet av denne "indre dialogen" har gjort meg endå meir medviten på korleis det pedagogiske grunnsynet mitt er i dag.
Vidare kan eg ikkje leggje skjul på at dugleik rundt framføring er noko som opptek meg. Det hender støtt og stadig at eg, på generelt grunnlag, mister heilt tråden i fagstoffet dersom framføringa er dårleg. Eg meiner at eigenskapen å kunne formidle ofte er vel så viktig som å kunne fagstoffet til punkt og prikke. Eit slikt utsagn vil nok provosere enkelte, men "so be it ". Innanfor framføring føler eg alle oss lærarstudentar har noko å hente, men det er vel òg noko av grunnen til at me framleis er studentar.
Når det gjeld oppsummeringa me hadde i plenum, var den både til hjelp og kanskje og litt forvirring . Eg fekk organisert ein del detaljar rundt ulike læringssyn, men samstundes dukka det opp enkelte spørsmål. Eit av dei var til dømes kva relevans har det for ein lærar å vita kven som var "far" til behaviorismen? Eller er det noko hensikt å vite at akkurat Gardner utvikla MI-teorien??
Å kunne skilje ulike ulike læringssyn, elevsyn og verktøy/metodar for å lukkast er ein ting, men å pugge teori berre for teorien sin del er eg kritisk til. Skuleverket er, så vidt eg er kjend med, til for elevane. Der er det haldningar og verktøy, vist i praksis, som er vesentlege. Elevane lærer ikkje noko av at læraren veit kven som vert rekna som far til behaviorismen.....
Nyredigert 08.04.2008
Eg har nokre små oppklaringar å koma med ut frå tilbakemeldinga eg har fått på bloggen. For å samle trådane litt når det gjeld pedagogisk grunnsyn må eg først forklare litt om kva eg legg vekt på. Synet eg har på kunnskap er retta mot det praktiske - først når tankar, idear og teoriar kan nyttast i praktiske/nyttige situasjonar vil eg kalle deg kunnskap. Tankar, idear og teoriar kan ein få gjennom teori, men kunnskap berre ved å overføre det til noko praktisk/nyttig. Kunnskap kan ein få åleine eller saman med andre, med språk som hjelpemiddel eller tanke som hjelpemiddel.
Nokre viktige stikkord for meg blir då:
- samanheng mellom teori og praksis
- læring gjennom erfaring - prøve og feile i fellesskap eller einsemd
- størst lærelyst ved uorganisert og uformell aktivitet
- motivasjon gjennom meistrng
Med dette som utgangspunkt, er det John Dewey sin "Learning by doing" som står mitt hjarte nærast. Slik eg forstår og tolkar Dewey sine tankar, dekkjer dei alle stikkorda eg ser på som viktige for å kunne lære (konstruere kunnskap). Eg ser likevel fragment i andre læringssyn og teoriar som relevante, og kjem derfor aldri til å fylgje Dewey slavisk.
I tillegg til Dewey vil eg òg trekkje inn Albet Bandura, særleg på motivasjonsfronten. Hans Self-efficacy-teori, med fire kjelder til motivasjon med meistring som den vikigaste er svært fornuftig. Slik eg ser det, går Dewey og Bandura sine tankar i same retning. Dersom eg då må basere mitt pedagogiske grunnsyn på ein eller fleire teoretikarar, blir det John Dewey og Albert Bandura.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hei, Bertin...
Smaken er som baken - den er delt, eller ingen har maken, heiter det seg. Sånn er det og når vi "går til angrep" på nytt fagstoff. For nokre er det greit å få den store oversikta fyrst, for så å fordjupa seg, medan andre vil ha detaljane og namn og særtrekk fyrst (jmf mellom anna Dunn & Dunn). Du kan sjølvsagt finna fram til eit pedagogisk grunnsyn UTAN å ha alle detaljane på plass, så sant du kan argumentera når det gjeld dei vala du tek i høve til di undervisning, og begrunna det du gjer, så skulle vel alt vera i orden...?
Legg inn en kommentar