lørdag 26. januar 2008

Leikeøkt

Bedre seint enn aldri eller kva.......Uansett kjem i alle fall innlegget frå verktyutprøvinga torsdag 14. januar.

Som de kanskje skjønar ut frå overskrifta, tykte eg dette var ein leiketime/økt. Prøve og feilemetoden stod sentralt då me laga både teikneserie og animasjonsfilm. Grunna ei feiltolking, frå mi side, om info på fronter, hadde eg ikkje med PC. Derfor plasserte eg meg sjølv i lag med dels Tone Helen og dels Franny. PC-oppgåvene me fekk vart derfor gjenn0omført på deira maskin. Likevel må eg jo sei at økta var morosam, sjølv om eg er noko kritisk til bruken av ressursar på ei slik økt. Sidan det var mykje eigenarbeid med prøving og feiling (leiking), kunne store delar vore gjennomført som sjølvstudium. Dugleikar innan digitale forteljingar, animasjon teikneserie osb vil nok vera både spanande og nyttig for elevar, men å bruke ei heil førelesing på dette er ette mi meining feil bruk av ressursar.

3 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Bertin...
No er det ikkje opp til deg å vurdera ressursbruken i høve til verktøy opplæring, men eg skal ta til meg at ein gjerna kan gjera økta frivilleg ved eit anna høve. Kva med relevansen i høve til ditt framtidige yrke? Treng du ikkje få vita om nye digitale verktøy, eller prøva dei ut? Eller meiner du at du er fullt ut kompetent til å finna dei sjølv?

Birgit :-)

Camilla sa...

Hei! Eg vil sei at eg er litt enig med Birgit over meg her.
Eg for min del syntes at denne økta var ganske spennande. Det er mykje fordi at eg veit med meg sjølv at eg ikkje tar meg tid til å setje meg ned heime med slike digitale verktøy. Derfor var det kjekt å få lært litt om dette på skulen. Det er og lettare å få hjelp viss det er noko du lurar på. Eg vil tru at det var litt lange timar for deg sidan du ikkje hadde med deg eigen data. Det var jo en fordel å ha det med. då kunne du jo kanskje ha prøvd deg meir på eignehand. Ellers lurar eg på om du fant det interessant i forhold til læraryrket og praksis? Kunne du mesteparten av dette frå før?

Camilla:)

Bertin sa...

Hei!

Kjem ein kort forsvarstale her til dykk begge. Det er forresten kjekt eg fekk andre synspunkt på saka, alle treng jo ikkje meine det same som meg.

Kunnskapsløftet seier klart og tydeleg at elevane skal kunne nytte digitale verktøy. Relevansen dette har for læraryrket og elevar har eg heller ikkje kritisert.

Kritikken min handlar om relevansen ei slik økt har som obligatorisk undervisning i lærarutdanninga. Personleg brukar eg mykje tid på studiet, og føler derfor eg har rett til å kommentere (ikkje vurdere) når eg tykkjer tida blir brukt feil. Eg har registrert det Birget skriv om å kanskje gjera økta frivillig i framtida, noko eg tykkjer høyres fornuftig ut.

Det er heilt supert å få kjennskap til ulike digitale verktøy. Eg er på ingen måte ekspert på feltet, men prøving og feiling kan eg like godt gjera heime på "guterommet" som på HSH. Ein link til ulike program og verktøy hadde, for min del, vore nok.