Dette var ynskjeøkta vår, og det passa meg heilt ypperleg å få den no. Grunnen er at eg, både i praksis og på som vikarlærar på leirkule. I begge tilfeller dreier det seg om ein elev med Asperger-syndrom, men i vidt forskjellig "utgåve".
Det er mange ulikskapar å spore, men òg nokre likskapar. Den mest markante av likskapane er trangen etter merksemd og respons frå andre elevar. Problemet deira dukkar opp då syndromet påverkar forståinga av sosiale samanhengar. I mine tilfelle blir den eine eleven ofte fysisk og utagerer ved å dytte, sparke, slå, kaste ulike gjenstandar osb. Den andre derimot er viser merksemdstrangen gjennom å rape, fise samt verbale utbrot.
No skal ikkje heile innlegget mitt dreie seg om desse tilfella, men poenget mitt er at personar med same diagnose ikkje er "like". Personleg er eg svært einig i eit system der tilpassa opplæring står sentralt. Det gjeld alle elevar, ikkje berre dei med ein diagnose. Etter mi meining har dei flinke elevane minst like stort behov for tilpassa opplæring som dei svake. Det kjennest verkeleg provoserande å sjå, eller høyra om, flinke elevar som vert nedprioritert til fordel for dei svakare.
Aksel Sandemose kan dra til h... med Jantelova si!!!!!!!!!!!!!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hei, Bertin...
Det vart mest om Asperger i dette innlegget, men eg skjønar at det opptek deg når du har vore borti det. Eg hadde lagt inn nokre lenkjer som de må sjekka ut på eiga hand. Fekk du noko ut av det? Elles viser eg til denne flotte dokumentaren, der ein vaksen med Asperger fortel sjølv, gjev godt innsyn i hans situasjon. http://youtube.com/watch?v=WAfWfsop1e0
Legg inn en kommentar