onsdag 2. april 2008

Praksis som lærarstudent

Dags for eit innlegg om korleis eg opplevde praksisperiodane som lærarstudent. Eit innlegget som dette skulle sjølvsagt kome etter kvar periode, men sidan unge Hjortland til tider er noko sløv har ikkje det skjedd. Sidan situasjonen ein gong er slik, har eg valt å blogge for alle 3 periodane i eit og same innlegg. Kanskje eg til og med klarer å få fram den personlege utvilklinga eg har hatt gjennom året, ved å gjere det slik.


Observasjonspraksis

Mi praksisgruppe vart "tildelt" 7.trinn ved Langeland skule. Første praksisperiode var observasjonspraksis, og me reiste saman med klassen til Gullingen leirskule. Personleg tykte eg dette gav ein strålande moglegheit for å bli godt kjent med elevane. Dette gjaldt ikkje berre reint fagleg, men òg på det sosiale plan. I tråd med praksismappa skulle me ha nokre målsetjingar før avreise. Mine mål for ei veke på Gullingen var:

- Få eit innsyn i hierarkiet klassen → korleis elevane oppfører seg mot kvarandre
- Få eit innsyn i elevane sin oppførsel ovanfor vaksne (lærarar, studentar, vertskap osb.)
- Få innsyn i elevane sine eigenskapar/innsats under fagleg opplegg
- Få innsyn i korleis lærarar, både frå leirskulen og Langeland, reagerer på elevane sin oppførsel.

Dagane på Gullingen var delt mellom undervisning og fritid for elevane. I forhold til måla eg hadde, valde eg å involvere meg i undervisninga som deltakar saman med elevane. Håpet var å få både fagleg og sosial kontakt med elevane.

Ein av dei første observasjonane eg gjorde meg, var at den faglege interessa og deltakinga til elevane dalte gjennom dagen. Kva var så grunnen for dette? Etter å ha konferert med leirskulelærarar, og høyrt deira erfaringar, trur eg konklusjonen å vera mangel på næring. Svært mange av elevane gjekk gjennom dagen nesten utan nistepakke - klart dette gjev resultat på innsatsen.

Ut frå dei måla eg hadde, tykte eg praksisperioen var svært vellukka. Me fekk masse tid til å bli kjent med elevane. Ettermiddagane vart mykje brukt til diverse brettspel der både elevar, lærarar og studentar deltok med liv og lyst. Baksida av denne medaljen var at me fekk ein form for kameratsleg tone med elevane og måtte dermed bruke meir energi på å lystre dei instruksar me gav. Dette problemet gjorde seg meir gjeldande i andre praksisperiode.

Eg la òg fort merke til ein maktkamp mellom elevar og leirskulelærarar. Elevane prøvde stadig vekk å tøye grenser - og nokre lærarar handterte dette meir bestemt og konsekvent enn andre. Etter å ha prata med dei ulike lærarane kom det òg fram grunnar for deira val. Det som gjaldt alle, var tanken om at tryggleiken alltid var 1.prioritet.

Kort oppsummert tykte eg perioden gav svar på dei spørsmåla eg hadde på det tidspunkt. Dei måla eg hadde sett opp, gav meg ein konkret bakgrunn for dei val eg gjorde med tanke på deltaking. Det var altså ei svært nyttig veke - der eg er svært nøgd med å møte elevane utanfor vanlege klasserom. Eg trur det hjelpte oss til å få eit heilskapeleg bilete av elevane. Bakdelen var at det gjekk på bekostning av den "distansen" som kan vera naudsynt for å få respekt blant elevane.


Undervisningspraksis

Tre veker med klasseromsundervisning. Kontrasten kunne neppe vore større i forhold til observasjonspraksisen vår. Men det nytta ikkje å grave seg ned - det er tross alt slik me skal arbeide i framtida. Som ved første praksisperiode lagde eg nokre målsetjingar. Til desse to vekene har eg valt fylgjande mål:

- Sjå elevane sin oppførsel/innsats i klasserommet
- Få innsyn i korleis lærarar organiserer klassen – disiplin, aktivitet
- Få innsyn i korleis det er å planleggje og gjennomføre undervisning

Det er færre mål no enn første gong. I tillegg valde eg å fokusere på lærarrollen meir enn elevane. Eg hadde ynskje om å sjå korleis øvingslærarar klarte å styre, kontrollere og undervise elevane. Perioden byrja med ein dag med klasseromsobservasjon, deretter fekk me gradvis meir ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning. I utgangspunktet ville eg ha så mange utfordringar som mogleg, for å få eit reelt bilete av kvardagen til ein lærar. Resten av praksisgruppa delte dette synet, så me tok kontrollen over langt fleire undervisningsøkter enn det som var kravet. Eit slikt val har nok både fordelar og bakdelar. Bakdelen av å ha mange økter kan vera at kvaliteten dalar. Me var svært fokusert på dette problemet og derfor meiner eg me begreinsa det. Fordelane eg derimot så mange at eg tykkjer det forsvarer valet vårt. Moglegheiter til å prøve ut eigne tankar og teoriar, effektivisering av planlegging samt fleire situasjonar å reflektere over.

Litt stress må eg likevel innrømme at det var. Lange dagar og ulike meiningar i praksisgruppa gav oss visse utfordringar, men i etterkant er det berre positivt. Slik eg forstod på øvingslærarane var mange av arbeidsdagane deira på same måte, så me fekk i alle fall ein realistisk tilnærming til læraryrket.

Kort oppsummert fekk eg eit godt innsyn i korleis kvardagen til ein lærar kan føregå. Me opplevde at underisninga fungerte godt, men og undervisning som ikkje fungerte. Eg byrja å danne meg eit bilete over kva tiltak som fungerte for desse elevane. Dei tankane eg sat igjen med var at dei i stor grad trong detaljstyring. Sjansane dei fekk til å vise handlekraft og ansvar for eiga læring fungerte heller dårleg. Medan dei gongene dei fekk enkle og tydelege meldingar om kva me forventa, gjekk det betre. Eg gledde meg til å prøve ut idear kring elevane si evne til ansvar for eiga læring.


Praksisperiode 3

Denne perioden starta på værst tenkeleg måte for meg. Første økta mi var i kroppsøving - eg hadde laga eit opplegg innan koordinasjon og balanse. Med forrige praksisperiode i bakhovudet, ville eg detaljstyre elevane og deira oppgåver. Økta var testa ut blant elevar på 6. trinn og alt åg til rette for ei god økt. Resultatet vart det motsette - ingenting fungerte. Elevane klarte ikkje å fylgje instruksane, dermed vart det mykje støy og tull og til slutt kaos. Det heile enda med at eg braut av det som var planlagt for å få elevane i aktivitet.

Dette var grunnen til at eg endra måletjinga mi for denne perioden. I utgangspunktet hadde eg tenkt eit mål rundt tema IKT-undervisning, men etter denne fadèsen blei det meir i retning organisering av klassen:

- Organisering av klassen/elevar for å gjennomføre god undervisning/aktivitet

Resten av perioden var organisering i høgsete og det første g tenkte på i alle situasjonar. Eg tenkte på ulike verkemiddel, stemmebruk, variasjon til ei kvar tid. Men i etterkant er det slik tenking som har gjort meg endå tryggare og motivert for vidare innsats i studiet. KJensla eg fekk ved å sjå at dei tankar og idear eg hadde fungerte, var fantastisk. Alt fungerte ikkje like bra, men kvaliteten på undervisninga vart betre og betre gjennom heile perioden. Denne tendensen var å sjå for heile gruppa - noko som ikkje er anna enn positivt.

Ei anna erfaring me gjorde oss, var i kva grad andre kan påverke vår undervisning. Rikskonsert, teaterframsyning og Solidaritetsdag var alle aktivitetar som på sett og vis øydela vår undervisning. Det inntrykket eg fekk, var at slike tilfelle dukka opp mad jamne mellomrom. I etterkant er eg derfor glad for å ha opplevd det, og dermed ha nokre tankar kring korleis slike situasjonar kan handterast dersom eg får oppleve det igjen.

Nok ein gong, kort oppsummering av perioden. Eg tykte denne perioden var den mest lærerike. Det var her eg opplevde dei største kontrastane - frå fullstendig kaos til nærast perfekt. Nettopp den progresjonen eg opplevde, kombinert med eigne idear og tankar som fungerte var ei fantastisk kjensle - og dermed det sterkaste innrykket eg sit igjen med etter perioden.

Til slutt dristar eg meg til å kome med nokre stikkord eg tykker er sentrale:
  • Organisering - eg har blitt kritisert for å leggje for mykje vekt på dette i bloggen, men har vondt for å ikkje gjere det. Organisering av elevar har segla opp som det absolutt viktegaste for å motivere og gjennomføre undervisning.
  • Variasjon - varierte arbeidsmåtar er det beste verkty for å motivere elevar
  • Stemmebruk - eg vert meir og meir bevisst på kva riktig bruk av stemme, ord og kroppsspråk har å sei for å spele på lag med elevar

Ingen kommentarer: