tirsdag 18. desember 2007

Animasjon og biletbahandling


Det vert eit kort innlegg dette her, men like fullt eit innlegg. Tankane eg sat igjen med etter denne undervisningsøkta var først og fremst irritasjon. Irritasjon over at eg mangla Adobe Photoshop på mi eiga private maskin. Før denne økta var eg heilt ukjent med dette programmet, men oppdaga raskt kor enkelt det eigentleg var og ikkje minst litt av kva muligheiter som fins.


Det gjeld likt både for biletbehandling og animasjon. Med andre ord var dette nær sagt ei aha-oppleving for meg rundt bilete og animasjon.


Med dette vil eg ynskja alle ei riktig god jul!!!




Nyredigert 08.04.2008


Nytteverdien i høve til læraryrket er òg heilt klart til stades. Digitale verkty er ein av dei grunnleggjande dugleikane i fylgje LK06 og sal dermed nyttast. Biletbehandling i til dømes Adobe Photoshop er ein aktivitet og eit program elevar kan få bruk for seinare i livet òg. Nytteverdi for seinare bruk må, etter mi eining, vera eit av kriteria for å nytte/lære eit program.

Biletbehandling er i så måte nyttig både til seinare oppgåver/presentasjonar i skule og arbeidsliv. Samstundes vil elevane kunne nytte det på fritida til å behandle eigne bilete/fotografi.


Kort sagt både relevant og morosamt for elevane med kunnskap om eit slikt verkty.

1 kommentar:

Kari sa...

Vonar du syntest det var kjekt og!? Det synest i alle fall eg! Eg har heller ikkje dette programmet, men kan hende me kan skaffa oss det i 2008? Programmet er nytt for meg og, og eg følte vel ikkje så mykje irritasjon, heller ikkje at det var enkelt. Det gjekk litt fort i svingane - syntest det var vanskeleg å få med seg alt. Men no har eg fått prøvd meg litt på sonen sin maskin, og syntes det går betre etter kvart. Øving gjer meister!:) Moglegheitane er mange - det er kun fantasien som set grenser!
Vil samstundes få ønska deg eit godt nytt år, og lykke til med det nye semesteret!
Klem Kari