"Den beste måten å få arbeid til å virke vanskelig på, er å utsette det"
Winston Churchill
Winston Churchill
1. år med pedagogikk på lærarstudiet er no snart gjennomført. Førelesingane er i alle fall ferdige for i år, så det er vel på tide med ei aldri så lita oppsummering av dei tankane eg har gjort med i løpet av året.
Oppstarten
I og med at unge Hjortland har noke år bak seg som student, såg eg på dette litt smør på flesk. Eg hadde full forståing av at HSH skulle presentere både seg sjølv og faga slik som tenkt. Ut frå dette, litt negative utgangspunktet, hadde eg visse forventningar til oppstarten. Her må eg verkeleg sei at eg vart overraska, positivt overraske. Grunnlaget for faget var slik eg venta meg, men måten me skulle arbeide med faget var overraskande. Å nytte blogg som verkty i undervisninga var nytt for meg. Likevel var dette mykej betre enn eg venta - særleg sidan eg likar tanken på ein "lang" eksamen som består av ulike oppgåver i staden for ein skuleeksamen.
Dei forventningane eg hadde til faget var bygd på tidlegare erfaringar. Frå studietida mi i Bø og Sogndal hadde eg allereie vore igjennom pedagogisk grunnplattform 2 gonger. Derfor var eg svært spent på om dei tankane eg hadde utarbeid gjennom 3 år ville endra seg - særleg med tanke på endring av målgruppe og fag å undervise i. Den "gamle" pedagogiske plattforma var utforma og spesialisert til aktivitetar innan idrett og friluftsliv/fjellsport. Sidan dette ikkje er like aktuelt i grunnskulen, var eg sltså spent på om plattforma mi ville endre seg.
Dei forventningane/spenningsmomenta eg hadde var:
-endring av plattform - utgangspunkt erfaringsbasert læring med mestring som hovudmotivasjon (Dewey og Bandura)
- vektlegging av organisering og kommunikasjon i undervisning
- blogg som eksamensform - ville det fungere for meg
For å byrje med bloggen, tolka eg oppgåva vår slik at våre eigne tankar skulle kome fram. Blogginga skulle "tvinge" oss til å behandle tema og pensum i føreslesingane fleire gonger, og vidare publisere våre tankar ut frå kva me opplevde.
Dette var altså mitt utgangspunkt for dei innlegg er har skrive og dei kommentarane eg har gjeve til andre. Eg ser no i ettertid at dei forventningane/spenningsmomenta eg hadde, har påverka blogginga mi ein tanke. Til dømes har eg, meir eller mindre ubevisst, evaluert organisering og kommunikasjon for kvar time. Men som eg har skrive i eit av innlegga mine, føler eg desse faktorane blir viktigare og viktigare for å gjennomføre god undervisning.
Undervisning gjennom året
Dei tema som har vore tatt opp i løpet av året har både vore lærerike og interessante. Eg er svært nøgd med at førelesinga i kommunikasjon kom så tidleg i skuleåret. Det same gjeld introduksjonen til syn på læring - læringsteoriar. Å nytte heile hausten til å forme ei byrjande plattform hjå studentane var ein svært god måte å organisere ein noko tung og vanskeleg emne. Det skal nok seiast at mykje av "jobben" nok vart gjort i løpet av dei 14 dagane før presentasjonen av ulike læringssyn.
Personleg skjedde ikkje det som eg "fryta". Tankane mine i dag er dei same som dei eg hadde 15.august 2007, sjølv etter 2 praksisperiodar. For så vidt er det ei god kjensle, for no er eg endå sikrare på at dette er "mi" plattform. John Dewey og Albert Bandura er framleis mine "heltar" når det gjeld kunnskap, læring og motivasjon.
I tillegg til kommunikasjon og pedagogisk plattform, kom og ei førelesing om undervisningsplanlegging tidleg på programmet. Denne førelesinga tok mellom anna føre seg 10 tèsar for god undervisning, samt den didaktiske relasjonsmodellen. Allereie no var altså dei punkta eg hadde i forventningsblokka mi blitt presentrert - noko som gledde meg stort.
På denne sida av nyttår har motivasjon stått sentralt. I den samanheng har me og kome inn på vurdering og tilbakemeldingar av elevar. Dette er faktorar eg ikkje hadde tankt særskild gjennom på førehand, men innser no etterpå at det er superviktig for at elevane skal ha framgong - i alle fag.
Heile året har Kunnskapsløftet dukka opp med ujamne mellomrom. Dei grunnleggjande dugleikane har påverka vår undervisning slik den kanskje påverkar ein grunnskuleelev si undervisning. Spesielt innan digitale verkty har me fått masse tips, råd og sjansar til å prøve ut. Særleg var tankane eg gjorde meg der nyttige i samanheng med praksis.
Praksis
Dei tre praksisperiodane me har hatt, samt punktpraksisen, er utan tvil dei mest lærerike gjennom året. Dei var òg dei tyngste periodane av året, men det er ein pris i alle fall eg betaler med glede. Ei god praksisgruppe og to strålande øvingslærarar gjorde periodane spanande, morosame og interessante. Me fekk masse ansvar - noko som resulterte i prøving og feiling i beste John Dewey-stil.
I høve til digitale verkty var det noko blanda erfaringar, men eg har i alle fall vorte bevisst på ein del moment. Til dømes bør digitale verkty kun vera ein verkty for å nå eit overliggjande mål. Dersom ein baserer seg på ei slik linje, vil elevane nå eit fagrelatert mål samstundes som dei lærer å nytte eit program. På den måten vil det bli ein vinn-vinn situasjon.
Det punktet er har blitt mest bevisst på er likevel organisering og kommunikasjon. Riktig organisering av klassen med målet som utgangspunkt, er alfa-omega for ei vellukka økt. Dersom ein, som lærar, klarer å organisere riktig og vidare kommunisere med elevane på ein god måte, har ein svært gode føresetnadar for å lukkast.
Eksamen
Den består av blogging gjennom heile året, oppgåveinnlevering i matematikk og pedagogikk, innlevering av samansett tekst og ei gruppeoppgåve om motivasjon og sjølvbilete. Som sagt lenger oppe, likar eg denne forma for eksamen. Den krev kontinuerlig jobbing av oss studentar og mi oppfatning er at slikt gjev betre læring.
Me har fått god vegleiing (formativ vurdering) på alt me har gjort i faget, noko som gjer vårt arbeid fram mot den summative vurderinga svært mykje enklare. Det er rett å slett berre å setje seg ned, lese kommentarane for så å byrje arbeidet med å forbetre det. Me ar med andre ord ingen unnskyldning for ikkje å gjere den jobben me bør no fram mot 30.april.......
Takk for i år!!!!!