"God vurderingsevne skyldes erfaring, og erfaring får man på grunn av dårlig vurderingsevne"
B. Le PatnerDenne økta handla litt veiledning og veilederrollen, men mest om vurdering av elevar. For det første vil eg, som nynorskmann, kalle det vegleiar eller vegvisar frå no av. Eg er heilt einig med Skagen som meiner at vegleiing krev dialog mellom to aktørar, og at eit slikt forhold er både ein relasjon og saksbeinga. Ut frå "oppsummeringa" Aashild har gjort rundt vegleiaren sine oppgåver har eg lyst å tilføye nokre setningar. Ketil Østrem intervjua i si Mastergradoppgåve, Veiledning i friluftsliv, nokre av dei mest erfarne vegleiarane innan fjellsport. Samtlige av desse svarte at å fungere som ein god vegleiar, krov hyppige rolleskifte. Den beste vegleiaren var den som kunne variere mellom å vera instruktør, guide, lærar, rådgjevar, mester, rettleiar, konsulent, venn, mentor og i enkelte tilfelle "guru". Kunnskap om kvar og når ein var i dei ulike rollane, må lærast gjennom erfaring. Personleg må eg sei at eg, ut frå eigne erfaringar, kjenner meg godt igjen i deira skildring.
Så til vurderingsbiten, og dette er dei tankar eg sit igjen med etter i dag. Å trekkje eit klart skilje mellom vegleiing og vurdering er ikkje lett, sidan vurdering fungerer som vegleiing. Me snakka om formativ vurdering, som skal gje eleven tilbakemelding på forbetringspotensiale, og me snakka om summativ vurdering, som er ein informasjon om eleven sitt nivå ved avslutta utdanning/emne/kurs. Begge vurderingsformene vil kunne hjelpe eleven vidare, men det er den formative vurderinga som dagleg "formar" eleven.
Der ei summativ vurdering gjev eit tal- eller bokstavfesta bilete av eleven sitt nivå, er den formative vurderinga ei oppsummering av både positive og negative trekk. Ei slik vurdering, som i fylgje Kunnskapsløftet skal ha eit positivt fokus, er med på å gje eleven sjølv eit bilete av kva han/ho meistrar, samt kva utfordringar som kjem vidare. Sidan tilbakemeldingane skal ha eit positivt fokus, vil mykje dreie seg om formuleringar - positive formuleringar. Kunnskapsløftet sitt hovudfokus er å nå kompetansemål. Konkrete konstruktive tilbakemeldingar vil, mellom anna i fylgje Roar Engh, gje elevar forståing om kva som må til for å nå målet. Læraren på si side, kan med kompetansemåla som hjelp, stille krav og forventningar eleven må innfri for å nå kompetansemåla. Ved å skildre både positive sider og utfordringar, vil (slik eg tolkar mellom anna Imsen og Helle ) både sjølvtilliten og motivasjonen auke. Derfor vil konstruktiv tilbakemeling vera nyttig reiskap både for elev og lærar.

2 kommentarer:
Takk for god og oppklarande blogging. Veldig lærerik. Eg var jo ikkje med på undervisinga i dag, og trong litt oppklaring i nokre omgrep. Det har eg no fått. :)
Er einig med deg at det på nynorsk heite vegleiar, rett og slett. Ikkje noko rart med det vel?
hei du...
eg syns heller ikkje det er rart, men rettskrivingsordbøkene likar ikkje ord som vegleiar. Derfor føler eg trong til å fremje mitt syn der
Legg inn en kommentar