tirsdag 15. april 2008

Oppsummering av året (skulefrukost på Børtveit)

"Kokekunsten er den eneste sanne kunstart"
Immanuel Kant

Det må eg sei, ein strålande måte å starte dagen på. Me byrja dagen med å samle heile gjengen for på gamle Børtveit skule. Der nede vart det, etter bidrag frå oss studentar, ordna i stand til felles frukost. Tanken var nok å få ei koselig avslutning på året i pedagogikk - noko som fungerte ypperlig. Medan me sat der nede, nytta me sjansen til å få litt info kring eksamen i pedagogikk.

Etter ein stund flytta me oss opp i eit av auditoria på HSH. Her var det framsyning av "reklamefilmen" gruppene laga om ei barnebok. For mange var nok ei slik framsyning nærast ein "vinn-vinn"-situasjon. Særleg gjeld nok det for oss som held på å forbetre utkast nr 1. Det var i alle fall masse tips å hente.

Til slutt må eg sei at det er litt trist at me ikkje har fleire førelesingar i pedagogikk denne våren. For det første er det eit interessant og spanande fag. I tillegg vil jo førelesingsslutt sei at eksamen nærmar seg fort og brutalt - i fleire fag.

Ingen kommentarer: