mandag 7. april 2008

Tilpassa opplæring

"Survival of the fittest"
Charles Darwin

Ikkje noko lett tema dette her. Ved første augekast vil nok mange tolke det som eit tema for problemborn og vanskelege elevar. Men når alt kjem til stykke gjeld det, i fylgje Opplæringslova, for alle elevar i grunnskulen. Alle har krav på ei undervising som er tilpassa sine føresetnadar for læring. Denne økta gjorde oss merksame på nettopp dette, kva lover og forskrifter som gjeld innanfor spesialundervisning og tilpassa opplæring. Personleg trudde eg ei stund dei terminologiane betydde det same, men har no lært at slik ikkje er tilfelle.

For å starte med spesialundervisning er det pr i dag ting som skremmer meg. Når Opplæringsova §5 seier at "Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning", tykkjer eg det er skremmande at berre 4-5% av elevane får tilbodet. Enkelte statistikkar seier at opp mot 20 % av elevane fell utanfor "normalen", og burde derfor hatt spesialundervisning. Om desse tala stemmer, er det kanskje ikkje så rart at norske klasserom har høgt støynvå, og læringutbytte fell deretter..??

Så over til tilpassa opplæring. Personleg er eg svært fan av tilpassa opplæring. I god behavioristisk ånd meiner eg at alle kan lære alt med rett stimuli, vel og merke ikkje heilt direkte. Vanskegraden må passe inn i Vygostkij si proksimale utviklingssone. Min tanke blir då at så lenge vanskegraden (nivået) ligg innanfor den proksimale utviklingssone, er alt lagt til rette for læring. I alle fall dersom ein klarer å finne rett stimuli for eleven.

Det faktum at menneske lærer på ulike måtar er, etter mitt syn, lett å vera einig i. Problemet kjem når ein skal organisera det, men som lærarar er det nettopp det me skal. Opplæringslova §1-2 seier at undervisning skal tilpassast den enkelte sine evner og føresetnadar. Det ideelle ville vore å hatt ein "personleg trenar/mentor", men økonomien set ein effektiv stoppar for dette. Gruppeoppgåva me arbeidde med i dag, var med å gje oss idear om korleis tilpassa opplæring kan organiserast i elevgrupper. Verktya me kom opp med, var varierte undervisningsmetodar , differensiering og IUP (individuell undervisningsplan).

Variert undervisning serier seg nærast sjølv. Ved å nytte ulike aktivitetar/metodar for å undervise innan same emne, vil ein truleg treffe kvar enkelt elev på eit eller anna tidspunkt. Differensiering kan vera å dela klassen i nivågrupper, med ulik vanskegrad på til dømes oppgåver. Differensieringa kan skje organisatorisk, noko som visst nok ikkje er lovleg, og pedagogisk. IUP ein modell som gjev eleven sjansen til å fokusere på eit mål om gongen. Dette målet må vera nådd før eleven kan fortsetje til neste. Tanken bak er å la alle starte på same nivå, men sidan elevar arbeider ulikt vil dei ende opp på ulikt nivå.

Kvar av metodane har både positive og negative sider. Det gjeld då her, som ellers, å nytte dei positive eigenskapane, mens å prøve unngå dei negative. For å trekkje alt dette opp mot innleiingssitatet: Dei mest tilpassingsdyktige vil lukkast best i livet; men kva metode ein brukar for å tilpasse seg best fins det ingen fasit på - kven som helst kan klare det. Det er i alle fall mi meining.

torsdag 3. april 2008

Yrkesetisk seminar

"Der alle tenker likt, tenker ingen langt"
Kinesisk ordtak
Yrkesetisk seminar i KRL og pedagogikk stod for tur. Sidan no ulike meiningar skulle drøftast valde eg ordtaket over som innleiing til dette innlegget.
Seminaret byrja med nokre timar "på skulebenken", der diverse typar faginnhald vart presentert. Bakgrunnsinfo som denne tykte eg var ein fin måte å innleie gruppearbeidet på. Me vart gjort merksame på etiske retningslinjer for ein lærar, repetert omgrepa konsekvensetikk og pliktetikk - til dømes var teieplikta sentral her. Vidare skulle gruppearbeidet starte. Oppgåvene var å delt - først å setje opp og begrunne minst "10 bod" for lærarar, så kome med løysingsforslag til 4 ulike caseoppgåver.
Dei 10 boda var vanskelege nok i seg sjølv. Gruppa mi brukte relativt lang tid på å utforme og begrunne desse. Personleg var eg nok ikkje heilt einig i måten å angripe denne oppgåva på, men denne gongen måtte eg føye meg for fleirtalet. Resultatet vart uansett av ein slik art at eg kan stille meg bak med heva hovud.
Caseoppgåvene var utan tvil den mest lærerike i dette seminaret. 4 casar og 4 peronar på gruppa gav mange ulike meiningar, vinklingar og formuleringar før me til slutt kunne sei oss ferdige - berre "presentasjonen" igjen. Som oppgåva sa forma me ei problemstilling, laga ulike handlingsalternativ til kvar case og me prøvde etter beste evne å skille pliktetikk og konsekvensetikk. Det vanskelegaste var nok å tolke casen og lage problemstilling, igjen ulike meiningar ute å gjekk men me vart då einige til slutt.
Me tykte òg det var vanskeleg å skilje plikt- og konsekvensetikk. På alle casane vart det mykje lettare å finne konsekvensetiske punkt enn pliktetiske. Når me iframtida kjem ut i læraryrket ser eg absolutt nytta av eit slikt seminar. Eg har likevel vanskelg for å tru at me kjem i situasjonar der me må skilje dei to måtane å tenke på.
"Framføringa" var òg svært lærerik. Andre grupper hadde ikkje tolka casaen på same måte som oss, nko som gav andre begrunnelsar for deira val. Dette gav rom for diskuisjon, og dermed endå fleire tankar og meiningar som kom for ein dag.
KOnklusjonen min etter desse dagane handlar om korleis å handtere plikt-og konsekvensetiske spørsmål.
Pliktetikk: allr med like rettar og ingen kan bli ofra eller diskreminert til gode for ein sak
Konsekvensetikk: For å redde dei mange kan ein her ofre eit fåtal. Konsekvensen er likevel meir positiv enn negativ - så lenge dine kjensler kan leve med valet ein tek.
Som avslutning vil eg utdjupe dette litt. Slik eg forstår, er dei pliktetiske tankane grunnmuren for dei vala ein tek. Ved ikkje å fylgje dei pliktetiske tankar risikerer ein samstundes å bryte lovverket - og vidare bli straffa. Innanfor desse rammer står ein fritt til å tenke konsekensetisk - her dreier det seg om kjensler hjå den enkelte.

Sjølvbilete og attribusjonsteori

"Når noen taler ille om deg, så lev slik at ingen tror dem"
Platon
Vår økt handla om menneske sitt sjølvbilete, årsaksforklaringar (attribusjonsteoiar) og modningfasar hjå menneske. Sitaet ovenfor er nesten 2500 år gammalt, men eg tykkjer det passa fint å hente det fram no i høve til sjølvbilete og attribusjonsteori. Særleg sidan sjølvbilete ofte byggjer på kva oppfatningar ein trur andre har om seg sjølv. Det er i hovudsak to tankar eg sit igjen med etter denne førelesinga. Kva formar sjølvbilete og bevisste/ubevisste handlingar.
Det fins ulike vinklingar på sjølvbilete hjå menneske. Mine tankar fylgjer Imsen som seier at eigen kompetanse er den største faktoren for sjølvbilete til eit menneske, særleg i vestleg kultur og tradisjon. Tru på eigne evner er altså den viktgaste faktoren for å lukkast i vår tradisjon. Det dreier seg her om evenr på menge ulike område og ikkje berre akademisk kompetanse. Tru på eigne evner har me sjølvtillit å gjere, og sjølvtillit vert lettast skapt gjennom meistringskjensle. For min del er det Albert Bandura som er "Gud" på dette område saman med John Dewey. Deira tankar om erfaringslæring, kombinasjon mellom teori og praksis, samt motivasjon ser eg på som fantastisk.
Me snakka òg om menneske og deira val/handlingar. Så vidt eg forstår er det sprikande meiningar om kva som er bevisste og ubevisste handlingar hjå eit menneske. Mange teoriar seier mellom anna at ein kognitiv prosess gjev eit bevisst menneske. Men her er meir einig med idrettsspykologen Willy Railo. Hans teori går ut på at ein kognitiv prosess (bevisst handling) som over tid blir repetert og automatisert, sakte men sikkert endar opp som ei ubevisst handling. Menneske kan altså, gjennom aktivitet, frigjere tankekraft til andre oppgåver/handlingar.

onsdag 2. april 2008

Praksis som lærarstudent

Dags for eit innlegg om korleis eg opplevde praksisperiodane som lærarstudent. Eit innlegget som dette skulle sjølvsagt kome etter kvar periode, men sidan unge Hjortland til tider er noko sløv har ikkje det skjedd. Sidan situasjonen ein gong er slik, har eg valt å blogge for alle 3 periodane i eit og same innlegg. Kanskje eg til og med klarer å få fram den personlege utvilklinga eg har hatt gjennom året, ved å gjere det slik.


Observasjonspraksis

Mi praksisgruppe vart "tildelt" 7.trinn ved Langeland skule. Første praksisperiode var observasjonspraksis, og me reiste saman med klassen til Gullingen leirskule. Personleg tykte eg dette gav ein strålande moglegheit for å bli godt kjent med elevane. Dette gjaldt ikkje berre reint fagleg, men òg på det sosiale plan. I tråd med praksismappa skulle me ha nokre målsetjingar før avreise. Mine mål for ei veke på Gullingen var:

- Få eit innsyn i hierarkiet klassen → korleis elevane oppfører seg mot kvarandre
- Få eit innsyn i elevane sin oppførsel ovanfor vaksne (lærarar, studentar, vertskap osb.)
- Få innsyn i elevane sine eigenskapar/innsats under fagleg opplegg
- Få innsyn i korleis lærarar, både frå leirskulen og Langeland, reagerer på elevane sin oppførsel.

Dagane på Gullingen var delt mellom undervisning og fritid for elevane. I forhold til måla eg hadde, valde eg å involvere meg i undervisninga som deltakar saman med elevane. Håpet var å få både fagleg og sosial kontakt med elevane.

Ein av dei første observasjonane eg gjorde meg, var at den faglege interessa og deltakinga til elevane dalte gjennom dagen. Kva var så grunnen for dette? Etter å ha konferert med leirskulelærarar, og høyrt deira erfaringar, trur eg konklusjonen å vera mangel på næring. Svært mange av elevane gjekk gjennom dagen nesten utan nistepakke - klart dette gjev resultat på innsatsen.

Ut frå dei måla eg hadde, tykte eg praksisperioen var svært vellukka. Me fekk masse tid til å bli kjent med elevane. Ettermiddagane vart mykje brukt til diverse brettspel der både elevar, lærarar og studentar deltok med liv og lyst. Baksida av denne medaljen var at me fekk ein form for kameratsleg tone med elevane og måtte dermed bruke meir energi på å lystre dei instruksar me gav. Dette problemet gjorde seg meir gjeldande i andre praksisperiode.

Eg la òg fort merke til ein maktkamp mellom elevar og leirskulelærarar. Elevane prøvde stadig vekk å tøye grenser - og nokre lærarar handterte dette meir bestemt og konsekvent enn andre. Etter å ha prata med dei ulike lærarane kom det òg fram grunnar for deira val. Det som gjaldt alle, var tanken om at tryggleiken alltid var 1.prioritet.

Kort oppsummert tykte eg perioden gav svar på dei spørsmåla eg hadde på det tidspunkt. Dei måla eg hadde sett opp, gav meg ein konkret bakgrunn for dei val eg gjorde med tanke på deltaking. Det var altså ei svært nyttig veke - der eg er svært nøgd med å møte elevane utanfor vanlege klasserom. Eg trur det hjelpte oss til å få eit heilskapeleg bilete av elevane. Bakdelen var at det gjekk på bekostning av den "distansen" som kan vera naudsynt for å få respekt blant elevane.


Undervisningspraksis

Tre veker med klasseromsundervisning. Kontrasten kunne neppe vore større i forhold til observasjonspraksisen vår. Men det nytta ikkje å grave seg ned - det er tross alt slik me skal arbeide i framtida. Som ved første praksisperiode lagde eg nokre målsetjingar. Til desse to vekene har eg valt fylgjande mål:

- Sjå elevane sin oppførsel/innsats i klasserommet
- Få innsyn i korleis lærarar organiserer klassen – disiplin, aktivitet
- Få innsyn i korleis det er å planleggje og gjennomføre undervisning

Det er færre mål no enn første gong. I tillegg valde eg å fokusere på lærarrollen meir enn elevane. Eg hadde ynskje om å sjå korleis øvingslærarar klarte å styre, kontrollere og undervise elevane. Perioden byrja med ein dag med klasseromsobservasjon, deretter fekk me gradvis meir ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning. I utgangspunktet ville eg ha så mange utfordringar som mogleg, for å få eit reelt bilete av kvardagen til ein lærar. Resten av praksisgruppa delte dette synet, så me tok kontrollen over langt fleire undervisningsøkter enn det som var kravet. Eit slikt val har nok både fordelar og bakdelar. Bakdelen av å ha mange økter kan vera at kvaliteten dalar. Me var svært fokusert på dette problemet og derfor meiner eg me begreinsa det. Fordelane eg derimot så mange at eg tykkjer det forsvarer valet vårt. Moglegheiter til å prøve ut eigne tankar og teoriar, effektivisering av planlegging samt fleire situasjonar å reflektere over.

Litt stress må eg likevel innrømme at det var. Lange dagar og ulike meiningar i praksisgruppa gav oss visse utfordringar, men i etterkant er det berre positivt. Slik eg forstod på øvingslærarane var mange av arbeidsdagane deira på same måte, så me fekk i alle fall ein realistisk tilnærming til læraryrket.

Kort oppsummert fekk eg eit godt innsyn i korleis kvardagen til ein lærar kan føregå. Me opplevde at underisninga fungerte godt, men og undervisning som ikkje fungerte. Eg byrja å danne meg eit bilete over kva tiltak som fungerte for desse elevane. Dei tankane eg sat igjen med var at dei i stor grad trong detaljstyring. Sjansane dei fekk til å vise handlekraft og ansvar for eiga læring fungerte heller dårleg. Medan dei gongene dei fekk enkle og tydelege meldingar om kva me forventa, gjekk det betre. Eg gledde meg til å prøve ut idear kring elevane si evne til ansvar for eiga læring.


Praksisperiode 3

Denne perioden starta på værst tenkeleg måte for meg. Første økta mi var i kroppsøving - eg hadde laga eit opplegg innan koordinasjon og balanse. Med forrige praksisperiode i bakhovudet, ville eg detaljstyre elevane og deira oppgåver. Økta var testa ut blant elevar på 6. trinn og alt åg til rette for ei god økt. Resultatet vart det motsette - ingenting fungerte. Elevane klarte ikkje å fylgje instruksane, dermed vart det mykje støy og tull og til slutt kaos. Det heile enda med at eg braut av det som var planlagt for å få elevane i aktivitet.

Dette var grunnen til at eg endra måletjinga mi for denne perioden. I utgangspunktet hadde eg tenkt eit mål rundt tema IKT-undervisning, men etter denne fadèsen blei det meir i retning organisering av klassen:

- Organisering av klassen/elevar for å gjennomføre god undervisning/aktivitet

Resten av perioden var organisering i høgsete og det første g tenkte på i alle situasjonar. Eg tenkte på ulike verkemiddel, stemmebruk, variasjon til ei kvar tid. Men i etterkant er det slik tenking som har gjort meg endå tryggare og motivert for vidare innsats i studiet. KJensla eg fekk ved å sjå at dei tankar og idear eg hadde fungerte, var fantastisk. Alt fungerte ikkje like bra, men kvaliteten på undervisninga vart betre og betre gjennom heile perioden. Denne tendensen var å sjå for heile gruppa - noko som ikkje er anna enn positivt.

Ei anna erfaring me gjorde oss, var i kva grad andre kan påverke vår undervisning. Rikskonsert, teaterframsyning og Solidaritetsdag var alle aktivitetar som på sett og vis øydela vår undervisning. Det inntrykket eg fekk, var at slike tilfelle dukka opp mad jamne mellomrom. I etterkant er eg derfor glad for å ha opplevd det, og dermed ha nokre tankar kring korleis slike situasjonar kan handterast dersom eg får oppleve det igjen.

Nok ein gong, kort oppsummering av perioden. Eg tykte denne perioden var den mest lærerike. Det var her eg opplevde dei største kontrastane - frå fullstendig kaos til nærast perfekt. Nettopp den progresjonen eg opplevde, kombinert med eigne idear og tankar som fungerte var ei fantastisk kjensle - og dermed det sterkaste innrykket eg sit igjen med etter perioden.

Til slutt dristar eg meg til å kome med nokre stikkord eg tykker er sentrale:
  • Organisering - eg har blitt kritisert for å leggje for mykje vekt på dette i bloggen, men har vondt for å ikkje gjere det. Organisering av elevar har segla opp som det absolutt viktegaste for å motivere og gjennomføre undervisning.
  • Variasjon - varierte arbeidsmåtar er det beste verkty for å motivere elevar
  • Stemmebruk - eg vert meir og meir bevisst på kva riktig bruk av stemme, ord og kroppsspråk har å sei for å spele på lag med elevar

tirsdag 12. februar 2008

Spesialpedagogikk

Dette var ynskjeøkta vår, og det passa meg heilt ypperleg å få den no. Grunnen er at eg, både i praksis og på som vikarlærar på leirkule. I begge tilfeller dreier det seg om ein elev med Asperger-syndrom, men i vidt forskjellig "utgåve".

Det er mange ulikskapar å spore, men òg nokre likskapar. Den mest markante av likskapane er trangen etter merksemd og respons frå andre elevar. Problemet deira dukkar opp då syndromet påverkar forståinga av sosiale samanhengar. I mine tilfelle blir den eine eleven ofte fysisk og utagerer ved å dytte, sparke, slå, kaste ulike gjenstandar osb. Den andre derimot er viser merksemdstrangen gjennom å rape, fise samt verbale utbrot.

No skal ikkje heile innlegget mitt dreie seg om desse tilfella, men poenget mitt er at personar med same diagnose ikkje er "like". Personleg er eg svært einig i eit system der tilpassa opplæring står sentralt. Det gjeld alle elevar, ikkje berre dei med ein diagnose. Etter mi meining har dei flinke elevane minst like stort behov for tilpassa opplæring som dei svake. Det kjennest verkeleg provoserande å sjå, eller høyra om, flinke elevar som vert nedprioritert til fordel for dei svakare.

Aksel Sandemose kan dra til h... med Jantelova si!!!!!!!!!!!!!!

tirsdag 5. februar 2008

Motivasjon

Nok ein gong eit utruleg viktig og interessant tema for alle, ikkje berre lærarar. Teorien som er i pemsum tykkjer eg er svært relevant og spanande. Dei to øktene me har hatt fram til no har vore prega av litt forvirring og mangelfull organisering. Likevel har det vore lærerikt nytte andre arbeidsmetodar enn vanleg. Eg tykkjer det er positivt å få prøve ut ulike arbeidsmetodar, sjølv om ikkje alt er like vellukka. Eg har i alle fall merka meg nokre av fellene som er mogelege å gå i. Sjølv om eg heilt sikkert vil ende opp i nokre sjølv, er det bra å få ei viss forståing om kva som kan gå galt.


Nyredigert 07.04.2008

Nye tankar har dukka opp hjå unge Hjortland utover våren. I praksis har eg fått sett og opplevd både motiverte og umotiverte elevar. Det har gjort meg meir nyfiken på motivasjon, og dei tankane vil eg prøve å gje uttrykk for no.

I løpet av dei siste praksisvekene opplevde me mellom anna elevar som ikkje såg relevansen i faga, elevar med angst for å mislukkast samt sprikande forventningar mellom elevar og lærar/undervisningsplan. Eg fekk òg kjenne på kroppen kor vanskeleg det var å motivere elevar som hadde "dratt ned rullegardina". Tilbake på HSH tok eg meg tid til å studere emne motivasjon grundigare. Sjølv om eg var kjend med dei ulike formene for motivasjon, var det godt å repetere dei.

Som idretts- og fjellsportsmenneske er eg godt kjend med prestasjonsmotivasjon - har kjend det på kroppen sjølv og sett andre som har ei slik kjensle. Mi erfaring seier at den kjensla ofte kjem når ein står i pressa situasjonar, og særleg dersom di avgjerd/prestasjon påverkar andre. Ved å sjå oss sjølve er det jo nettopp det me som framtidige lærarar skal gjera - ta avgjerder som påverkar andre liv.

Mazlov sitt behovshierarki er òg mykje kjent stoff. Grunnleggjande behov vil vera ein stor motivasjonsfaktor og på sin måte appelere til handling og aktivitet. Eg tykkjer det er lett å kjenne seg igjen i dei ulike stadia, noko eg trur alle gjer - frå tid til anna.

Dei to teoriane eg likevel meiner passar best er utforma av John Dewey og Albert Bandura. Eg støttar Dewey sin tanke om at aktivitet der deltakarane kan bestemme føresetnadane sjølve skapar lyst til å delta. Lysta til å delta er eit svært godt utgangspunkt for meistring, som eg meiner er den viktegaste motivasjonsfaktoren. Her kjem Albert Bandura sin Self-Efficacy inn i bilete. Denne teorien legg til grunn fire kjelder for motivasjon:
- eiga meistring - en sterkaste og viktegaste faktoren som gjev tru på eigne dugleikar
- å sjå andre, lik deg sjølv, lukkast - skapar motivasjon og tru på eigne dugleikar
- verbal overtaling - viktige personar for deg motiverer ved å ytre tru på dine dugleikar
- indre stemme/"val" av utfordring - kroppen sin ubevisste reasjon på utfordringar ("dette klarer eg"/"klarer ikkje"). Denne kan samanliknast med Vygotskij si proksimale utviklingssone. Utfordringar innanfor sona vil kroppen reagere på med "dette klarer eg" mens utfordringar utanfor sone vil gjere kroppen mindre motivert.


Ved å bruke desse teoriane/tankane bevisst, håpar eg å verta ein flinkare motivator for både framtidige elevar og andre menneske eg skal ha kontakt med.

Born og nye medier - ei slags oppsummering

Hei!

Dette temaet har strekt seg over ein periode på 3 førelesingar samt punktpaksis.

- Nettvett og åndsverkslova
- Vertøyutprøving
- Planlegging og gjennomføring av punktpraksis

Eg har blogga om dei første to tema tidlegare. Eg vil derfor byrje med punktpraksisen i dette innlegget.

Som LK06 klart og tydeleg seier, skal digitale verkty nyttast i alle fag på skulen. Eg var derfor ganske spent på kva både planlegging og gjennomføring av punktpraksis ville vise. I samråd med øvingslærarar på Langeland var me einige om å nytte punktpraksisen til å lage/redigere film. Seinare på våren kunne elevane nytte den lærdommen dei fekk om filmredigering i andre prosjekt/samanhengar. Me ordna derfor med klipp klare for redigering, samt lyd til å leggje i bakgrunnen. Når dagen kom og elevane var klare, gjekk alt saman til h......Maskinene me hadde til rådigheit arbeidde svært seint, nettverket takla ikkje mange elevar på nett samstundes så alt skar seg nærast før me hadde byrja. Derfor endte det opp med ei improvisert økt der elevane laga ein "Fotostory" i Windows Moviemaker. I etterkant tykkjer eg ikkje tema i økt vår var irrelevant, men den gav ikkje det resultatet me hadde håpa.

Dei erfaringen me gjorde denne dagen er noko me må ta lærdom av - grundig utprøving i forkant
ville kanskje gjort os merksame på problemet.



Oppsummering

Mine tankar rundt digitale verkty støttar i stor grad det som står i LK06. Relevansen i å nytte digitale verty i skulesamanheng er ingenting å sei på. Både samfunnet generelt og arbeidslivet vert stadig meir digitalt, og elevar som ikkje har kjennskap til digitale verkty vil kunne få problem å hengje med. I samfunnet kjem svært mykje av den informasjonen me treng i dagleglivet i digitale fora - ikkje alt like positivt, emn likevel til stades. Internett, TV og mobil er døme på slike fora. I arbeidslivet er òg PCen viktig, særleg md tanke på nyttige program for å arbeide mest mogleg rasjonelt.

Med dette som utgangspunkt meinereg det er både viktig å nyttig med tanke på born og unge. Særleg med tanke på tryggleik for born var dette ei AHA-oppleving for meg. Digitale fora er ikkje berre positive, då det kan hjelpe kriminelle til å få kontakt med sine fratidige offer. Det er vil vera svært viktig å forklare slike farar både elevar, foreldre og føresette.

På same måte ser eg det med oppdaging/utprøving og opplæring av nye program. Likevel har eg erfart at det fins feller å gå i ògså her. Dei problema me hadde i punktpraksis har gjeve med nokre nye synpunkt på bruken av IKT i skulen. For det første meiner eg det må vera ein føresetnad at opplæringa har eit mål. Med mål meinre eg eit synbart og relevant resultat. Digitale verkty må kun sjåast på som eit fornuftg verkty for å "levere" eit produkt. Til dømes er det både fornuftig og relevant få opplæring i Power point for å kunne framføre eit prosjektarbeid, men ikkje like relevant å nytte fri surfing på internett som ein del av undervisning. Som de sikkert har forstått, er poenget mitt elevane ikkje berre skal få opplæring i eit program, men ei slik opplæring må nyttast produktivt seinare til dømes i ei innlevering.

For oss som lærarar vil det vera naudsynt å ha kjennskap til dei program/verkty som vert nytta. Opplæring av lærarar vil derfor vera både viktig og relevant. På same måte som elevar, har lenneske har ulike måtar å lære på. I ei ideèl verd vil slik opplæring vera tilpassa kvar enkelt, men før me kjem så langt meiner eg opplæringa av lærarar bør fokusere på mest mogleg "matnyttige" program.

Ut frå dei førelesingane me har hatt, samt punktpraksis sit eg igjen med både positive og negative tankar. Det mest positive er utan tvil den opplæringam me har fått kring nettvett og åndsverslova. Inne i dette bilete ligg òg dei erfaringane me fekk gjennom punktpraksis - noko som var svært bra. På den andre sida er eg, som sagt tidlegare, noko misnøgd med HSH sine prioriteringar. Eg tykte meiner vektlegginga av underhaldningsprega program var i overkant stor.

I det store og heile er eg likevel svært nøgd med Born og nye medium som tema.