Årets andre forelesing i pedagogikk er historie, og dersom det fortset slik har me mykje å gle oss til. Etter mitt syn var dette ei kjempeforelesing, både med tanke på innhald og timing.
Det beste er kanskje timinga, at denne forelesinga kom så tidleg i studiet. Andre plassar har eg opplevd at slike leksjonar ofte nærast blir "slengt" på mot slutten av studiet, og då blir ofte utbytte så som så. Personleg tykkjer eg at å ha god kontakt med personar rundt deg ofte er vel så viktig som å kunne det faglege til fingerspissane. Derfor var det godt å sjå at HSH har valt å leggje vekt på dette allereie frå starten.
Vidare tykte eg òg at innhaldet i all hovudsak var bra. Poenga som vart tatt opp var både fornuftige og vart utdjupa med eksempel. For å samanlikne med idrett- og friluftsaktivitetar/pedagogikk, er det mange fellestrekk å spore. Det er sjølvsagt enkelte forskjellar, men utgangspunktet er mykje likt. Personleg gjer det at eg får ei ekstra vitamininnsprøyting for å jobbe vidare med pedagogikkfaget.
Nyredigert 10.04.2008
Framleis tykkjer eg denne førelesinga kanskje var den beste gjennom heile året. Samarbeid/teamarbeid og kommunikasjon er, anten me vil eller ikkje, svært viktig. Gjennom året har eg, som med mange andre tema i år, blitt meir bevisst på moment denne førelesinga tok opp. Særleg praksisperiodane har gjort meg mykje meir bevisst på både samarbeid og kommunikasjon. Internt i praksisgruppa, kontakten med øvingslærarar og situasjonar i klassen har gitt utfordringar med tanke på samarbeid og kommunikasjon.
Dei erfaringane eg sit igjen med, dreier seg mykje om formuleringar. Orda ein brukar kan i stor grad avgjere utfallet av ein situasjon. God formuleringsevne, samt evna til å tolke ulike menneske, ser eg som ein superviktig eigenskap. Gjennom året, har nokre av slidane i Power point-framsyninga vore flittig i bruk.
I tillegg var det ei morosam, men tankevekkjande utfordring BBC-linken gav meg. Hadde ikkje trudd det skulle vera så vanskeleg å tolke ansiktsuttrykk.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Er veldig einig i at det var viktig at akkurat denne forelesninga kom så tidleg på året. Tykkjer det er veldig viktig å vera bevisst på dette med nonverbale og verbale, uttrykk når me no skal ut i praksis. Barn får med seg mykje meir en det ein skulle tru, å ein må til ei kvar tid vera bevisst på kva uttrykk ein sender ut. Både verbale og nonverbale.
Vitamininnsprøytingar er viktige, særleg etter ein så solfattig sommar - haha.
Eg tykkjer du oppsummerer generelt og greit i høve til innhaldet, men eg er ute etter litt meir djubde i innlegget. Var det noko i del 1 som du ikkje visste frå før, som fekk deg til å tenkja t.d. "åja, er det sånn det er?" Er det noko rundt tema kommunikasjon og samarbeid du vil ta med deg ut i praksissituasjonen, som du kan ha nytte av i møte med skulen og elevane? Var det noko i økt to i høve mimingsøving (og det å stå framfor klassen og prestera i ein uformell setting), eller i NRK episoden om kroppsspråk du merkja deg spesielt eller hadde ekstra moro av? Kva med forslag til fordjuping? Fekk du noko utav artiklane som låg der? Korleis gjekk det med køyrereglane for praksis?
Birgit :-)
Legg inn en kommentar