Det er fleire grunnar til at eg ynskejr å bli lærar. Ein av grunnane til at eg valde lærarutdanning har med mogeligheitane i arbeidslivet å gjere. Læraryrket har behov for ny og ivrig arbeidskraft i framtida, og kanskje særleg mannlege lærar. Sjansane for å få arbeid ser eg på som svært gode, noko som er viktig for meg som for alle andre.
Den andre grunnen har med sjølve arbeidet og arbeidsdagen/året å gjere. For det første får me arbeide med levande vesen, noko eg tykkjer er mykje meir spanande ein dei fleste andre jobbar. I tilleg let læraryrket seg kombinere med mange andre aktivitetar både på kveldstid og i feriar. Dette er og noko eg la vekt på i val av utdanning.
At valet endte opp på Stord har med økonomi å gjere. For det første er det billegare å bu på Stord enn det er f. eks. i Bergen. Det andre som trakk meg i retning Stord er jobben min. Som fjell/breførar i Kvinnheradsfjella er eg avhengig av å bu i nærleiken, og der passa Stord som hånd i hanske. Så lenge det fins menneske som ynskjer ei oppleving anten på breen eller i fjellet er sjansen for å tene nokre kroner stor, som igjen er naudsynt for å overleve.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Heisann:)
Må sei meg heilt enig med at læraryrket har behov for ny og ivrig arbeidskraft i framtida, og etter denne klassen er ferdig med utdanning, har dei mange flotte lærar som kan ta i!
- Franny
Hei du. På tide å få med deg en håndballkamp snart ja, sesongen begynner 13/9, så bare til å slenge seg på. Er forresten veldig enig i mye av det du skriver, og håper at vi får noen fine år sammen i klassen:)
Det er lurt å tenkja langsiktig og i høve til jobbsjansar for framtida når ein vel sin yrkesveg. Når det gjeld behovet for arbeidskraft i skulen, og då kan hende særleg mannleg arbeidskraft, har du heilt rett. Den lenge meldte "naturlege avgongen" grunna nær pensjonistalder på majoriteten av lærarstaben, set i dei nærmaste åra inn for fullt, og då er det de kan velja og vraka...
Å vera glad i menneske er vi vel og einige om er ein føresetnad for yrket, og når du i tillegg kan spara på bu-utgifter, og tena nokre kroner i Kvinnheradfjella (som er utruleg vakre, og rike på store turopplevingar), så kan det vel nesten ikkje bli betre?
Birgit :-)
Legg inn en kommentar