Første veka med peagogikk er no gjort unna, og så langt er alt berre velstand. Me har møtt både Birgit og Aashild, som har svært ulike måtar å undervise på. Det kan godt vera positivt, men må ærleg inrømme at eg er spent på korleis det utviklar seg.
Pedagogikkfaget i seg sjølv er eg også spent på. Så langt har eg ingen ting å utsetje på det som er tatt opp. Kjekt med eit fag der ein kan utveksle litt erfaringar og setje det opp mot ulike læringsteoriar. For det er vel ikkje til å legge skjul på at alle har hatt ulike typar pedagogar og lærarar.
Sjølv kjem eg svært ofte til å samanlikne det me blir presenert for på HSH med det eg har lært på HISF og HIT innan idrett- og friluftslivspedagogikk. Ser for meg at det vil vera både likskapar og ulikskapar å spore, og i den samanheng håpar eg å kunne diskutere ddei med både medstudentar og forelesarar/lærarar.
Revidert 15.04.2008
Berre slik at det ikkje endar i misforståing; Når eg publiserer refleksjonsnotatet i pedagogikk vil eg ta føre meg dei tankar eg sit igjen med no - frå oppstarten i fjor haust og fram til no. Derfor seier eg ikkje meir om dei forventningane eg hadde til faget i dette innlegget. Alt av oppsummeringar vil altså koma i "los notat de reflektiona".
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Ja, det er spennande å sjå kva undervisningsmetodar me blir møtt med på ein lærarhøgskule. Ein kan lære kjempemasse ped.teori, men eg trur at mykje av vår utøving av lærarfaget blir prega av dei måtane våre eigne lærarar har undervist på. (???)
Flott med så mange utruleg positive folk i klassen. Oppmuntring og positivitet i seg sjølv trur eg er med å byggja opp gode lærarar. Ser verkeleg fram til dette skuleåret.
Grethe
Hei, Bertin...
Bloggen din var sett opp så annleis enn dei andre i høve til innlegga, med berre intro på forsida, at eg rett og slett ikkje oppdaga at du hadde lagt inn fleire innlegg før no. Vel, betre seint enn aldri, heiter det seg jo. Flott at du er positivt innstilt til faget, og har litt å samanlikna med frå tidlegare. Det er jo eit diskusjons- og samtalefag, så at du er innstilt på å diskutera, er flotte greier...
Birgit :-)
Legg inn en kommentar