"Survival of the fittest"
Charles Darwin
Ikkje noko lett tema dette her. Ved første augekast vil nok mange tolke det som eit tema for problemborn og vanskelege elevar. Men når alt kjem til stykke gjeld det, i fylgje Opplæringslova, for alle elevar i grunnskulen. Alle har krav på ei undervising som er tilpassa sine føresetnadar for læring. Denne økta gjorde oss merksame på nettopp dette, kva lover og forskrifter som gjeld innanfor spesialundervisning og tilpassa opplæring. Personleg trudde eg ei stund dei terminologiane betydde det same, men har no lært at slik ikkje er tilfelle.
For å starte med spesialundervisning er det pr i dag ting som skremmer meg. Når Opplæringsova §5 seier at "Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning", tykkjer eg det er skremmande at berre 4-5% av elevane får tilbodet. Enkelte statistikkar seier at opp mot 20 % av elevane fell utanfor "normalen", og burde derfor hatt spesialundervisning. Om desse tala stemmer, er det kanskje ikkje så rart at norske klasserom har høgt støynvå, og læringutbytte fell deretter..??
Så over til tilpassa opplæring. Personleg er eg svært fan av tilpassa opplæring. I god behavioristisk ånd meiner eg at alle kan lære alt med rett stimuli, vel og merke ikkje heilt direkte. Vanskegraden må passe inn i Vygostkij si proksimale utviklingssone. Min tanke blir då at så lenge vanskegraden (nivået) ligg innanfor den proksimale utviklingssone, er alt lagt til rette for læring. I alle fall dersom ein klarer å finne rett stimuli for eleven.
Det faktum at menneske lærer på ulike måtar er, etter mitt syn, lett å vera einig i. Problemet kjem når ein skal organisera det, men som lærarar er det nettopp det me skal. Opplæringslova §1-2 seier at undervisning skal tilpassast den enkelte sine evner og føresetnadar. Det ideelle ville vore å hatt ein "personleg trenar/mentor", men økonomien set ein effektiv stoppar for dette. Gruppeoppgåva me arbeidde med i dag, var med å gje oss idear om korleis tilpassa opplæring kan organiserast i elevgrupper. Verktya me kom opp med, var varierte undervisningsmetodar , differensiering og IUP (individuell undervisningsplan).
Variert undervisning serier seg nærast sjølv. Ved å nytte ulike aktivitetar/metodar for å undervise innan same emne, vil ein truleg treffe kvar enkelt elev på eit eller anna tidspunkt. Differensiering kan vera å dela klassen i nivågrupper, med ulik vanskegrad på til dømes oppgåver. Differensieringa kan skje organisatorisk, noko som visst nok ikkje er lovleg, og pedagogisk. IUP ein modell som gjev eleven sjansen til å fokusere på eit mål om gongen. Dette målet må vera nådd før eleven kan fortsetje til neste. Tanken bak er å la alle starte på same nivå, men sidan elevar arbeider ulikt vil dei ende opp på ulikt nivå.
Kvar av metodane har både positive og negative sider. Det gjeld då her, som ellers, å nytte dei positive eigenskapane, mens å prøve unngå dei negative. For å trekkje alt dette opp mot innleiingssitatet: Dei mest tilpassingsdyktige vil lukkast best i livet; men kva metode ein brukar for å tilpasse seg best fins det ingen fasit på - kven som helst kan klare det. Det er i alle fall mi meining.

5 kommentarer:
" Personleg er eg svært fan av tilpassa opplæring. I god behavioristisk ånd meiner eg at alle kan lære alt med rett stimuli, vel og merke ikkje heilt direkte. Vanskegraden må passe inn i Vygostkij si proksimale utviklingssone. Min tanke blir då at så lenge vanskegraden (nivået) ligg innanfor den proksimale utviklingssone, er alt lagt til rette for læring. I alle fall dersom ein klarer å finne rett stimuli for eleven. "
Eg kunne ikkje vore meir enig. Meget bra formulert. Ingenfor dette ligg det sjølvt MYKJE arbeid.
Legg inn en kommentar