"Der alle tenker likt, tenker ingen langt"
Kinesisk ordtak
Yrkesetisk seminar i KRL og pedagogikk stod for tur. Sidan no ulike meiningar skulle drøftast valde eg ordtaket over som innleiing til dette innlegget.
Seminaret byrja med nokre timar "på skulebenken", der diverse typar faginnhald vart presentert. Bakgrunnsinfo som denne tykte eg var ein fin måte å innleie gruppearbeidet på. Me vart gjort merksame på etiske retningslinjer for ein lærar, repetert omgrepa konsekvensetikk og pliktetikk - til dømes var teieplikta sentral her. Vidare skulle gruppearbeidet starte. Oppgåvene var å delt - først å setje opp og begrunne minst "10 bod" for lærarar, så kome med løysingsforslag til 4 ulike caseoppgåver.
Dei 10 boda var vanskelege nok i seg sjølv. Gruppa mi brukte relativt lang tid på å utforme og begrunne desse. Personleg var eg nok ikkje heilt einig i måten å angripe denne oppgåva på, men denne gongen måtte eg føye meg for fleirtalet. Resultatet vart uansett av ein slik art at eg kan stille meg bak med heva hovud.
Caseoppgåvene var utan tvil den mest lærerike i dette seminaret. 4 casar og 4 peronar på gruppa gav mange ulike meiningar, vinklingar og formuleringar før me til slutt kunne sei oss ferdige - berre "presentasjonen" igjen. Som oppgåva sa forma me ei problemstilling, laga ulike handlingsalternativ til kvar case og me prøvde etter beste evne å skille pliktetikk og konsekvensetikk. Det vanskelegaste var nok å tolke casen og lage problemstilling, igjen ulike meiningar ute å gjekk men me vart då einige til slutt.
Me tykte òg det var vanskeleg å skilje plikt- og konsekvensetikk. På alle casane vart det mykje lettare å finne konsekvensetiske punkt enn pliktetiske. Når me iframtida kjem ut i læraryrket ser eg absolutt nytta av eit slikt seminar. Eg har likevel vanskelg for å tru at me kjem i situasjonar der me må skilje dei to måtane å tenke på.
"Framføringa" var òg svært lærerik. Andre grupper hadde ikkje tolka casaen på same måte som oss, nko som gav andre begrunnelsar for deira val. Dette gav rom for diskuisjon, og dermed endå fleire tankar og meiningar som kom for ein dag.
KOnklusjonen min etter desse dagane handlar om korleis å handtere plikt-og konsekvensetiske spørsmål.
Pliktetikk: allr med like rettar og ingen kan bli ofra eller diskreminert til gode for ein sak
Konsekvensetikk: For å redde dei mange kan ein her ofre eit fåtal. Konsekvensen er likevel meir positiv enn negativ - så lenge dine kjensler kan leve med valet ein tek.
Som avslutning vil eg utdjupe dette litt. Slik eg forstår, er dei pliktetiske tankane grunnmuren for dei vala ein tek. Ved ikkje å fylgje dei pliktetiske tankar risikerer ein samstundes å bryte lovverket - og vidare bli straffa. Innanfor desse rammer står ein fritt til å tenke konsekensetisk - her dreier det seg om kjensler hjå den enkelte.
2 kommentarer:
Hei!
Det var bra du ble fornøyd med sluttresultatet, selv om du ikke var enig fra starten av.
Men var det noen av casene du syntes var vanskeligere enn andre? Var det noen av casene som gav stor diskusjon med tanke på framlegget for de andre gruppene?
Line
Hei...
Eg tykte nok ikkje nokon av dei var hardare å knekka enn andre. Me brukte rett nok lengst tid på dei to første casane, men det var meir ineffektivitet enn ein vanskeleg case. I forhold til løysingane hadde me meir "problem" å kome fram til problemstillinga enn handlingsalternativ. Handlingsalternativa var me stort sett einige i.
Til dømes i case 1 (Kleskode)diskuterte me om det var denne konkrete situasjonen me skulle ta utgangspunkt i, "Skulle denne læraren kle seg slik at det ikkje støytte den muslimske familien?", eller på generelt grunnlag, " Er det etisk riktig at ein lærar må tilpasse seg utover loverket og skulekode?"
Legg inn en kommentar