mandag 20. august 2007

Presentasjon av Bertin

Hei og velkomen

Som ny student på så vel allmennlærerstudiet som på Stord er det vel berre rett og rimeleg å presentere meg sjølv. Det blir ein presentasjon i kortform så dersom noko vekkjer interesse er det sjølvsagt berre å ta kontakt.

For å starte med litt reinspikka faktaopplysningar så heiter eg Hans Bertin Hjortland, men opererer stort sett under navnet Bertin. Pr dags dato er eg 23 år, kjem frå Hatlestrand i Hardanger. Men så lenge eg på Stord har eg Studentheimen som haldeplass.

Frå før av, i tillegg til vidaregåande skule på Husnes, har eg hatt ein liten "Norgesturne" som student. Ut av dette kom ei bachelorgrad i idrett og friluftsliv frå dels Bø og dels Sogndal. Denne utdanninga skal toppast med allmenlærarutdanning på Stord for på den måten å stå godt rusta til arbeidslivet i framtida.

15 kommentarer:

Bertin sa...

For eit fantastisk innlegg unge Hjortland!!!! Du imponere deg sjølv stadig vekk.

Tone Helen sa...

Det er studentheimen som er plassen! ;)

Håvard Haga sa...

Ser fram til neste fjelltur Bert!

Blir maskin, du tek med sikkerhetsreglane, så tek eg med kvikklunsjen!

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Bertin..

Eg skjønar at du er ein kar som likar deg på farten og i "frisk luft" :-) Kjekt at du no toppar karriera med allmennlærarstudiet, og trur nok det vil bidra til at du står godt rusta for framtidig arbeid. Eg har lagt ut ei lita utfordring til deg i lærarbloggen.. Lukke til!

Birgit :-)

Ane sa...

Halloen Bertin.
Flott blogg du har. Vonar me får det kjekt på praksisgruppa i lag. Dette vert ei morosam tid :)

Kari sa...

Hei Bertin!
Du er ein skikkeleg spreking! Eg var ein gong sprek sjølv, har faktisk gått på idrettslinjen på folkehøg skule i min ungdom.. men det er lenge sidan.. Har tru på at du vil klara deg godt i framtida, så lukke til!

kenneth sa...

Heisan.
Du virker kul kar, kommer med noen gullkorn rett som det er. Det er viktig å ha en stemningsskaper i klassen.. keep it up...

Christina sa...

Hei Bertin! Flott presentasjon du har:) Du virka som ein kjempe kjekke kar, og eg håpa me får nåken fine år i samme klasse. Foressen, kjekt å leka i blindo med deg i dramatimen idag..=)

heidi sa...

Hei, for ein stilig blogg du har.
Eg og har lyst å ha så mange fine fargar i bloggen min,kanskje eg lære det ein dag!
Du er dreven som studeny,men lukke til med allmenn.

Rebekka sa...

Heisann :)
Flott med blogg, ikke sant:)
Må innrømme at jeg ikke visste at Stathelle het Stadthelle før. Er ikke så opptatt av lokal historie for å si det sånn... Du skreiv: "For eit fantastisk innlegg unge Hjortland!!!! Du imponere deg sjølv stadig vekk." Men som du ser, så imponerer du oss andre også :D

Gunnar sa...

Hei Bertin.

Ja jakt er den store lidenskapen. Alltid kjekt å finna like sinna. Kribler i kroppen å teller ned til 10 september. Årets høydepunkt:)

Mona H sa...

Heei! Ja da va godt at da va ein kvinnhering i klassen! Du virke som ein koselig kar. :)

Anonym sa...

En Hjortland til ja, sjeldent å oppleve :p

Dette blir et bra studieår!

Hanne Mari sa...

Hei du :)
Nei, har vel ikkje blitt så mykje snakking enda, men det ordnar seg veit du :) Håpe på eit kjekt år eg også=)

Ida H. sa...

hei på deg!
va nok musikklinja som trakk meg her til ja, og det angrar eg ikkje på.
kjekt om du stikke innom på Essoen, alltid kosli m kjente fjes når ein står der. ;)
må nevna at det er veldig kjekt å høyre Hardangerdialekt i løpet av skuledagen. Minne om mången kjekke folk (slekt i Ulvik).