tirsdag 18. desember 2007

Animasjon og biletbahandling


Det vert eit kort innlegg dette her, men like fullt eit innlegg. Tankane eg sat igjen med etter denne undervisningsøkta var først og fremst irritasjon. Irritasjon over at eg mangla Adobe Photoshop på mi eiga private maskin. Før denne økta var eg heilt ukjent med dette programmet, men oppdaga raskt kor enkelt det eigentleg var og ikkje minst litt av kva muligheiter som fins.


Det gjeld likt både for biletbehandling og animasjon. Med andre ord var dette nær sagt ei aha-oppleving for meg rundt bilete og animasjon.


Med dette vil eg ynskja alle ei riktig god jul!!!




Nyredigert 08.04.2008


Nytteverdien i høve til læraryrket er òg heilt klart til stades. Digitale verkty er ein av dei grunnleggjande dugleikane i fylgje LK06 og sal dermed nyttast. Biletbehandling i til dømes Adobe Photoshop er ein aktivitet og eit program elevar kan få bruk for seinare i livet òg. Nytteverdi for seinare bruk må, etter mi eining, vera eit av kriteria for å nytte/lære eit program.

Biletbehandling er i så måte nyttig både til seinare oppgåver/presentasjonar i skule og arbeidsliv. Samstundes vil elevane kunne nytte det på fritida til å behandle eigne bilete/fotografi.


Kort sagt både relevant og morosamt for elevane med kunnskap om eit slikt verkty.

søndag 2. desember 2007

Oppsummering av praksis

Oppsummeringa skulle eigentleg gå føre seg på Kattanakken, men grunna snø, is og litt vind vart planen endra. No vart det ein liten rusletur i skogen før me enda opp hjå Birgit med kaffi og vaffler. Eg har full forståelse for valet, men er framleis litt snurt for å ha gått glipp av ein flott dag i fjellet:)

Oppsummeringa var, etter mitt syn, ein triveleg og sosial dag. Men dessverre ikkje noko stor dag reint fagleg. Me som var på Langeland har snakka jamt og trutt gjennom heile praksisen, med stort fagleg utbytte. Dei erfaringane me kunne fått frå den andre klassen vart det heller dårleg med. Klassane fordelte seg i stor grad internt, og dermed mista mange sjansen til å utveksla erfaringar.

Det verka òg som me studentar ikkje var topp motiverte for ein slik dag. Praten gjekk laust, men glei fort ut i andre emner enn det som var tenkt.

Nyredigert 08.04.2008

Etter å ha fått dagen og oppsummeringa noko meir på distanse, luftar eg no dei tankane eg sit igjen med.

Framleis sit eg med kjensla om at me som studentar ikkje var skikkeleg motivert for å tenkje fag denne dagen. Sosialt var det ein strålande dag, men ikkje reint fagleg. Dersom eg har gitt uttrykk for noko anna i innlegget over vil eg prøve å oppklare det no. Tanken bak, og innsatsen frå HSH (Birgit) si side er eine og åleine positiv. Med ansvar for eiga læring er det oss som studentar sitt ansvar å nytte sjansane me får.

Kvifor motivasjonen ikkje var tilstades, er vanskeleg å sei. For oss "på" Langeland vart dette mykje repetisjon av dei diskusjonar me hadde vore gjennom allereie, og dermed kanskje litt keisamt. For min del fekk eg heller ikkje det store ut av den kontakten eg hadde med B-klassen. Dei utsagna eg høyrde, omhandla dei same tema som me opplevde i A-klassen. Likevel vart det mangen av B-klassestudentane eg ikkje veksla ord med. For alt eg veit, var det kanskje andre team som kom på banen hjå dei/deira gruppe.

Konklusjonen blir då at det faktiske faglege resultatet ikkje var det heilt store, men moglegheita var absolutt tilstades for å nytte dagen godt.

fredag 23. november 2007

Planlegging av undervisning

Eg er fullstendig klar over at dette innlegget kjem noko seint, i forhold til undervisningsøkta. Tykkjer derfor eg må informere om at det er eit heilt bevisst val frå mi side. Førelesinga var knytt opp mot den komande praksisen, derfor valde eg å bruke praksisperioden som ein del av refleksjonsgrunnlaget for blogginga.

10 tèsar for god undervisning var det "sliden" eg merka meg best. Desse tèsane, eller setningane, har eg nytta både titt og ofte som ein del av mi eiga førebuing til undervisningsøkter. Resultatet har blitt ei ubevisst pugging av setningane, noko som har vore til god hjelp. I tillegg har har tèsane vorte brukt som eit verktøy i evalueringa av så vel mitt eige, som andre sitt undervisningsopplegg.

Enkelte av setningane har merka seg ut som særs viktige, kanskje spesielt no i byrjinga av lærarutdanninga. Setning nr 1, 2 og 8 er dei eg har reflektert mest over, men eg svært spent på korleis denne oppfatninga vil utvikle seg framover.

Det beste med Carl von Ossietzky sine tèser er, etter mitt syn, den praktiske verdien dei har som verktøy for ein lærar. Dei kan nyttast både i forkant og etterkant av undervisning, med andre ord planlegging og evaluering. "Det enkle er ofte det beste", er ein setning eg likar. Sjølv om tèsene er eit resultat av grundig forskning, er dei enkle å "bryte" ned og nytte seg av.

Ein slik filosofi stiller eg meg bak, 110%. Jo enklare og tydelegare me som lærarar kan presentere stoffet for elevar, jo større er sjansen for at dei forstår. Med dette som utgangspunkt tykkjer eg, som sagt, dei 10 tèsene er ein strålande verktøy.


Nyredigert 08.04.2008

I høve til første innlegg vil eg i tillegg til tèse 1,2 og 8 leggje til nr 4. Tèse 1, 2 og 4 dreier seg om det same. Struktur, effektivitet og variassjon mellom arbeidsmåtar kan alle dekkjast av ordet organisering. Som eg har skrive i praksisoppsummeringa vert eg meir og meir bevisst på kva organisering har å sei for undervisninga. Tèse nr 8 handlar om å gjere seg forstått. Verdien av eit språk som gjev meining for elevane, vert og meir og meir sentral. Enkel, tydeleg og engasjerande kommunikasjon vil spare ein for masse gjentakingar og støy.

Den didaktiske relasjonsmodellen har me òg nytta mykje gjennom året. I tråd med LK06 meiner eg at måloppnåing er det viktegaste for for elevane. Dermed tykkjer eg at målet bør ha 1.prioritet i relasjonsmodellen - dei andre relasjonane er òg viktige, men underordna målet.

Som eit vert for læraren under planlegging er ein slik modell svært nyttig. Den peikar på kva faktorar ein må ta hensyn til, samstundes som deg ikkje dempar moglegheita til å tenkje kreativt for læraren.

Dei momenta "hugseordet" MAKVISE tek opp, er etter mi meining ei hugseliste for ein lærar. Motivere, Aktivisere, Konkretisere, Variere, Individualisere, Samarbeide og Evaluere er eit liste over kva oppgåver og plikter ein lærar må førehalde seg til. Ingen av dei er nokon mal for ein arbeidsdag, men alle er med på å bevisstgjere kva hensyn ein må ta. For læraren sin del, er det viktig å vite kva dei ulike orda "i tillegg til å kjenne verkty for å imøtekome dei krav som er stilt frå lover, skule, foreldre osb.

mandag 29. oktober 2007

Læringsteoriar - oppsummering

Då hadde endeleg alle gruppene lagt fram sitt resultat av prosjektet. Derfor tek ei aldri så lita oppsummering over mine tankar rundt både framføringane og dagens undervisning.

For det første tykte eg det var fint med ulike vinklingar rundt ulike læringssyn. Slike "detaljar" gjorde at eg måtte gå litt i meg sjølv å tenkje over kva eg meiner er viktig å leggje vekt på innan dei ulike retningane. Resultatet av denne "indre dialogen" har gjort meg endå meir medviten på korleis det pedagogiske grunnsynet mitt er i dag.

Vidare kan eg ikkje leggje skjul på at dugleik rundt framføring er noko som opptek meg. Det hender støtt og stadig at eg, på generelt grunnlag, mister heilt tråden i fagstoffet dersom framføringa er dårleg. Eg meiner at eigenskapen å kunne formidle ofte er vel så viktig som å kunne fagstoffet til punkt og prikke. Eit slikt utsagn vil nok provosere enkelte, men "so be it ". Innanfor framføring føler eg alle oss lærarstudentar har noko å hente, men det er vel òg noko av grunnen til at me framleis er studentar.

Når det gjeld oppsummeringa me hadde i plenum, var den både til hjelp og kanskje og litt forvirring . Eg fekk organisert ein del detaljar rundt ulike læringssyn, men samstundes dukka det opp enkelte spørsmål. Eit av dei var til dømes kva relevans har det for ein lærar å vita kven som var "far" til behaviorismen? Eller er det noko hensikt å vite at akkurat Gardner utvikla MI-teorien??

Å kunne skilje ulike ulike læringssyn, elevsyn og verktøy/metodar for å lukkast er ein ting, men å pugge teori berre for teorien sin del er eg kritisk til. Skuleverket er, så vidt eg er kjend med, til for elevane. Der er det haldningar og verktøy, vist i praksis, som er vesentlege. Elevane lærer ikkje noko av at læraren veit kven som vert rekna som far til behaviorismen.....


Nyredigert 08.04.2008

Eg har nokre små oppklaringar å koma med ut frå tilbakemeldinga eg har fått på bloggen. For å samle trådane litt når det gjeld pedagogisk grunnsyn må eg først forklare litt om kva eg legg vekt på. Synet eg har på kunnskap er retta mot det praktiske - først når tankar, idear og teoriar kan nyttast i praktiske/nyttige situasjonar vil eg kalle deg kunnskap. Tankar, idear og teoriar kan ein få gjennom teori, men kunnskap berre ved å overføre det til noko praktisk/nyttig. Kunnskap kan ein få åleine eller saman med andre, med språk som hjelpemiddel eller tanke som hjelpemiddel.

Nokre viktige stikkord for meg blir då:
- samanheng mellom teori og praksis
- læring gjennom erfaring - prøve og feile i fellesskap eller einsemd
- størst lærelyst ved uorganisert og uformell aktivitet
- motivasjon gjennom meistrng

Med dette som utgangspunkt, er det John Dewey sin "Learning by doing" som står mitt hjarte nærast. Slik eg forstår og tolkar Dewey sine tankar, dekkjer dei alle stikkorda eg ser på som viktige for å kunne lære (konstruere kunnskap). Eg ser likevel fragment i andre læringssyn og teoriar som relevante, og kjem derfor aldri til å fylgje Dewey slavisk.

I tillegg til Dewey vil eg òg trekkje inn Albet Bandura, særleg på motivasjonsfronten. Hans Self-efficacy-teori, med fire kjelder til motivasjon med meistring som den vikigaste er svært fornuftig. Slik eg ser det, går Dewey og Bandura sine tankar i same retning. Dersom eg då må basere mitt pedagogiske grunnsyn på ein eller fleire teoretikarar, blir det John Dewey og Albert Bandura.

mandag 22. oktober 2007

Læringsteoriar II

For å ta historien dei siste vekene først har den vore tung til tider, men òg svært lærerik. Første veka gjekk i hovudsak med til å setje seg inn i ulike læringssyn. Denne perioden valde eg å dele i to. Første del handla om å få eit overblikk over ulike retningar og kva grunnsyn ulike teoretikarar hadde. Deretter kunne eg sjå nærare på nokre teoretikarar innanfor kvart syn, for så å samanlikne.

Bakgrunnen for dette valet var eit ynskje om å sjå etter samanhengar mellom læringssyn og filosofiske retningar/kulturen i heimlandet til dei ulike teoretikarane. Grunna ei personleg interesse for historie tykte eg det var spanande å leite etter slike samanhengar. Døme på slike samanhengar er Lev Vygotsky sin tilknytning til Karl Marx og marxismen. Denne måten å arbeide meg gjennom stoffet fugere svært godt for meg, av den grunn at eg får fleire "knaggar" å hengje stoffet på.

Praksisgruppa mi gjekk saman med ei anna gruppe den første veka. Håpet var å få fram ulike tolkingar av dei ulike retningane, og dermed få større forståing av retningane/teoriane. Denne måten å arbeide på fungerte greit. For å få nok kunnskap om kvar retning, var eg likevel nøyd til å arbeide meg gjennom stoffet sjølv.

Som framføring prøvde me å tydeleggjera forskjellar mellom ulike måtar å læra på - ulike læringssyn. Dette vart konkretisert ved å vise to ytterpunkt + eit tilfeldig samansetning av folk sitt syn på læring. Poenget vårt var å vise at menneske lærer best på ulike måtar. Det er i det minste tanken min, kanskje òg resten av gruppa, i ei byrjande læringsplattform.

For å kome med ei form for konklusjon på dette prosjektarbeidet, vil den vera nettopp slik. Personleg har eg har etter kvart byrja få idèar/tankar om kva metode som kan fungere i enkelte situasjonar. Desse idèane/tankane baserer seg ikkje på eit bestemt læringssyn, men å kombinere dei. Ved å nytte seg av metodar/verktøy frå ulike retningar i ulike situasjonar, har eg tru på at flest mogeleg elevar får gode føresetnadar for å læra.


Nyredigert 08.04.2008

Den viktigaste grunnen for å ha eit klart pedagogisk grunnsyn, er etter mitt syn, elevane. Måten ein oppfører seg på, arbeidsmetodar og undervisningsmetodar vert alle påverka av grnnsynet ditt. Til dømes vil eit pedagogisk grunnsyn som seier at tankeverksemd og indre dialog er viktig, vil kanskje påverke læraren til å velje arbeidsmetodar som fremjar slike aktivitetar. Medan eit grunnsyn der dialog mellom menneske står sentralt vil påverke til å velje andre aktvitetar.

Mine eigne tankar og mitt eige pedagogiske grunnsyn vil eg gje uttrykk for under repetisjonsbloggen frå desse vekene. Sjølv om eg ikkje er særleg fan av å dra fram nokre teoriar som er viktigre enn andre, vil eg likevel gjere det. I alle fall dei teoriane som stemmer best overeins med mine tankar.

mandag 8. oktober 2007

Læringsteoriar

Dette innlegget blir av det korte slaget, men vil verta utvida etter kvart.

Eg må sei meg kjempenøgd med arbeidsmetoden HSH har valgt for å gje oss studentar ei pedagogisk grunnplattform. I staden for å starte med reine førelesingar må me verkeleg leggje ned ein innsats for å få oversikt over ulike grunnsyn på læring. Når me i tillegg skal ha framføring av "valfritt" tema innan læringsteoriar har me verkeleg eit mål å jobbe mot.

Eg forventar å lære mykje sjølv om pedagogiske tankar, samt starte bygginga av mi eiga plattform.

Læraren i dagens skule/klasserom

«Læraren hadde høge hugmål, og var engasjert i fråhaldssak, målsak, norskdom og kristendom. Han levde med folket i glede og sorg, og han var kyrkjesongar, og forsongar ved gravferder og slikt. På 17de mai var han sjølvskriven talar. Det var han som hadde lengste maisløyfa i jakkeslaget, og dette vart oppfatta som han var den som stod på høgast nivå i kunnskap og nasjonalkjensle»

Sitatet har eg brukt tidlegare i bloggen, men tykte det passa godt inn her òg. Dette var krava ein lærar måtte innfri for 100 år sidan. Kva er så endra fram til i dag?

Sitatet fortel oss at ein lærar er "på jobb" heile tida. Handlingane til ein lærar påverka (lokal)samfunnet - noko som gjeld i vår tid òg. Læraren måtte/må planleggje, gjennomføre og evaluere undervisningsøkter i begge tidsperiodar. I tillegg var/er læraren viktig for sosialiseringa til elevar.

Ulikskapane er først og fremst teknologien, men også fagsamansetninga og verktøy/metodar læraren kunne nytte seg av. Disiplin både var, og er, viktig for god undervisning. Der læraren rundt 1900 kunne nytte seg av fysiske og psykiske straffemetodar, må dagens lærar bruke innsida av hovudet for å skape ro og orden. Dette har endra lærarrollen frå autoritær til ein autoritet.

Spørsmålet er derfor korleis læraren kan bruke autoriteten sin til det beste for elevane. Fagleg og sosial læring er viktige grunnar til at elevar blir sendt på skulen. Denne førelesinga gav oss ei rekkje tips til korleis handtere dette best mogeleg.

I det store og heile er eg einig/positiv til desse verkemiddela, men dei må brukast fornuftig og på riktig tidspunkt. Den raude tråden er likevel å vera tydeleg og konsekvent i alt ein føretek seg - superviktig for å skaffe seg autoritet. Som "krydder" i kvardagen kjem positivitet, engasjement og humor. Alt dette er eigenskapar som må trenast for å bli gode - rett plass, rett tid, rett måte er svært viktig for å bli oppfatta som ærleg og motiverande.


Nyredigert 08.04.2008

Som eg skriv i svaret til Anna Kristin var det ingen revolsjonerande nyhende for meg med tanke på arbeidsmetodar. Metodane var kjende frå før sjølv om det er små tips og hint som er gode å få med seg. Å høyre andre sine erfaringar er òg spanande. Den !store" tanken" eg sit igjen med no i seinare tid er kor viktig det er med variasjon. Elevar treng varierte oppgåver for å lære best mogleg. Elevar lærer best på ulike måtar og ved variasjon er det stor sjanse for at alle opplever meistring. Eg har opplevd under praksis kor mykje meistringskjensla har å sei for elevar, og jo oftare dei oppever den, jo meir motivert blir dei til vidare arbeid.

Slik eg ser det, må dette vera det beste resultatet/utbytte av å variere arbeidsmetodane i løet av ein skuledag. Om ikkje anna er denne tanken bygd på eigne erfaringar frå mellom anna praksisen dette året.

Når det gjeld arbeidsmetodar var det ikkje noko revolusjonerande for meg i denne førelesinga. Har vore innom dei ulike metodane både som student og under arbeid. Men eg må ærleg vedgå at nokre små AHA-opplevingar likevel. Det hadde først og fremst med framstillinga til Birgit å gjera, og hennar erfaringar - gode tips å ta med vidare (t.d. boksesekken).