tirsdag 18. desember 2007

Animasjon og biletbahandling


Det vert eit kort innlegg dette her, men like fullt eit innlegg. Tankane eg sat igjen med etter denne undervisningsøkta var først og fremst irritasjon. Irritasjon over at eg mangla Adobe Photoshop på mi eiga private maskin. Før denne økta var eg heilt ukjent med dette programmet, men oppdaga raskt kor enkelt det eigentleg var og ikkje minst litt av kva muligheiter som fins.


Det gjeld likt både for biletbehandling og animasjon. Med andre ord var dette nær sagt ei aha-oppleving for meg rundt bilete og animasjon.


Med dette vil eg ynskja alle ei riktig god jul!!!




Nyredigert 08.04.2008


Nytteverdien i høve til læraryrket er òg heilt klart til stades. Digitale verkty er ein av dei grunnleggjande dugleikane i fylgje LK06 og sal dermed nyttast. Biletbehandling i til dømes Adobe Photoshop er ein aktivitet og eit program elevar kan få bruk for seinare i livet òg. Nytteverdi for seinare bruk må, etter mi eining, vera eit av kriteria for å nytte/lære eit program.

Biletbehandling er i så måte nyttig både til seinare oppgåver/presentasjonar i skule og arbeidsliv. Samstundes vil elevane kunne nytte det på fritida til å behandle eigne bilete/fotografi.


Kort sagt både relevant og morosamt for elevane med kunnskap om eit slikt verkty.

søndag 2. desember 2007

Oppsummering av praksis

Oppsummeringa skulle eigentleg gå føre seg på Kattanakken, men grunna snø, is og litt vind vart planen endra. No vart det ein liten rusletur i skogen før me enda opp hjå Birgit med kaffi og vaffler. Eg har full forståelse for valet, men er framleis litt snurt for å ha gått glipp av ein flott dag i fjellet:)

Oppsummeringa var, etter mitt syn, ein triveleg og sosial dag. Men dessverre ikkje noko stor dag reint fagleg. Me som var på Langeland har snakka jamt og trutt gjennom heile praksisen, med stort fagleg utbytte. Dei erfaringane me kunne fått frå den andre klassen vart det heller dårleg med. Klassane fordelte seg i stor grad internt, og dermed mista mange sjansen til å utveksla erfaringar.

Det verka òg som me studentar ikkje var topp motiverte for ein slik dag. Praten gjekk laust, men glei fort ut i andre emner enn det som var tenkt.

Nyredigert 08.04.2008

Etter å ha fått dagen og oppsummeringa noko meir på distanse, luftar eg no dei tankane eg sit igjen med.

Framleis sit eg med kjensla om at me som studentar ikkje var skikkeleg motivert for å tenkje fag denne dagen. Sosialt var det ein strålande dag, men ikkje reint fagleg. Dersom eg har gitt uttrykk for noko anna i innlegget over vil eg prøve å oppklare det no. Tanken bak, og innsatsen frå HSH (Birgit) si side er eine og åleine positiv. Med ansvar for eiga læring er det oss som studentar sitt ansvar å nytte sjansane me får.

Kvifor motivasjonen ikkje var tilstades, er vanskeleg å sei. For oss "på" Langeland vart dette mykje repetisjon av dei diskusjonar me hadde vore gjennom allereie, og dermed kanskje litt keisamt. For min del fekk eg heller ikkje det store ut av den kontakten eg hadde med B-klassen. Dei utsagna eg høyrde, omhandla dei same tema som me opplevde i A-klassen. Likevel vart det mangen av B-klassestudentane eg ikkje veksla ord med. For alt eg veit, var det kanskje andre team som kom på banen hjå dei/deira gruppe.

Konklusjonen blir då at det faktiske faglege resultatet ikkje var det heilt store, men moglegheita var absolutt tilstades for å nytte dagen godt.

fredag 23. november 2007

Planlegging av undervisning

Eg er fullstendig klar over at dette innlegget kjem noko seint, i forhold til undervisningsøkta. Tykkjer derfor eg må informere om at det er eit heilt bevisst val frå mi side. Førelesinga var knytt opp mot den komande praksisen, derfor valde eg å bruke praksisperioden som ein del av refleksjonsgrunnlaget for blogginga.

10 tèsar for god undervisning var det "sliden" eg merka meg best. Desse tèsane, eller setningane, har eg nytta både titt og ofte som ein del av mi eiga førebuing til undervisningsøkter. Resultatet har blitt ei ubevisst pugging av setningane, noko som har vore til god hjelp. I tillegg har har tèsane vorte brukt som eit verktøy i evalueringa av så vel mitt eige, som andre sitt undervisningsopplegg.

Enkelte av setningane har merka seg ut som særs viktige, kanskje spesielt no i byrjinga av lærarutdanninga. Setning nr 1, 2 og 8 er dei eg har reflektert mest over, men eg svært spent på korleis denne oppfatninga vil utvikle seg framover.

Det beste med Carl von Ossietzky sine tèser er, etter mitt syn, den praktiske verdien dei har som verktøy for ein lærar. Dei kan nyttast både i forkant og etterkant av undervisning, med andre ord planlegging og evaluering. "Det enkle er ofte det beste", er ein setning eg likar. Sjølv om tèsene er eit resultat av grundig forskning, er dei enkle å "bryte" ned og nytte seg av.

Ein slik filosofi stiller eg meg bak, 110%. Jo enklare og tydelegare me som lærarar kan presentere stoffet for elevar, jo større er sjansen for at dei forstår. Med dette som utgangspunkt tykkjer eg, som sagt, dei 10 tèsene er ein strålande verktøy.


Nyredigert 08.04.2008

I høve til første innlegg vil eg i tillegg til tèse 1,2 og 8 leggje til nr 4. Tèse 1, 2 og 4 dreier seg om det same. Struktur, effektivitet og variassjon mellom arbeidsmåtar kan alle dekkjast av ordet organisering. Som eg har skrive i praksisoppsummeringa vert eg meir og meir bevisst på kva organisering har å sei for undervisninga. Tèse nr 8 handlar om å gjere seg forstått. Verdien av eit språk som gjev meining for elevane, vert og meir og meir sentral. Enkel, tydeleg og engasjerande kommunikasjon vil spare ein for masse gjentakingar og støy.

Den didaktiske relasjonsmodellen har me òg nytta mykje gjennom året. I tråd med LK06 meiner eg at måloppnåing er det viktegaste for for elevane. Dermed tykkjer eg at målet bør ha 1.prioritet i relasjonsmodellen - dei andre relasjonane er òg viktige, men underordna målet.

Som eit vert for læraren under planlegging er ein slik modell svært nyttig. Den peikar på kva faktorar ein må ta hensyn til, samstundes som deg ikkje dempar moglegheita til å tenkje kreativt for læraren.

Dei momenta "hugseordet" MAKVISE tek opp, er etter mi meining ei hugseliste for ein lærar. Motivere, Aktivisere, Konkretisere, Variere, Individualisere, Samarbeide og Evaluere er eit liste over kva oppgåver og plikter ein lærar må førehalde seg til. Ingen av dei er nokon mal for ein arbeidsdag, men alle er med på å bevisstgjere kva hensyn ein må ta. For læraren sin del, er det viktig å vite kva dei ulike orda "i tillegg til å kjenne verkty for å imøtekome dei krav som er stilt frå lover, skule, foreldre osb.

mandag 29. oktober 2007

Læringsteoriar - oppsummering

Då hadde endeleg alle gruppene lagt fram sitt resultat av prosjektet. Derfor tek ei aldri så lita oppsummering over mine tankar rundt både framføringane og dagens undervisning.

For det første tykte eg det var fint med ulike vinklingar rundt ulike læringssyn. Slike "detaljar" gjorde at eg måtte gå litt i meg sjølv å tenkje over kva eg meiner er viktig å leggje vekt på innan dei ulike retningane. Resultatet av denne "indre dialogen" har gjort meg endå meir medviten på korleis det pedagogiske grunnsynet mitt er i dag.

Vidare kan eg ikkje leggje skjul på at dugleik rundt framføring er noko som opptek meg. Det hender støtt og stadig at eg, på generelt grunnlag, mister heilt tråden i fagstoffet dersom framføringa er dårleg. Eg meiner at eigenskapen å kunne formidle ofte er vel så viktig som å kunne fagstoffet til punkt og prikke. Eit slikt utsagn vil nok provosere enkelte, men "so be it ". Innanfor framføring føler eg alle oss lærarstudentar har noko å hente, men det er vel òg noko av grunnen til at me framleis er studentar.

Når det gjeld oppsummeringa me hadde i plenum, var den både til hjelp og kanskje og litt forvirring . Eg fekk organisert ein del detaljar rundt ulike læringssyn, men samstundes dukka det opp enkelte spørsmål. Eit av dei var til dømes kva relevans har det for ein lærar å vita kven som var "far" til behaviorismen? Eller er det noko hensikt å vite at akkurat Gardner utvikla MI-teorien??

Å kunne skilje ulike ulike læringssyn, elevsyn og verktøy/metodar for å lukkast er ein ting, men å pugge teori berre for teorien sin del er eg kritisk til. Skuleverket er, så vidt eg er kjend med, til for elevane. Der er det haldningar og verktøy, vist i praksis, som er vesentlege. Elevane lærer ikkje noko av at læraren veit kven som vert rekna som far til behaviorismen.....


Nyredigert 08.04.2008

Eg har nokre små oppklaringar å koma med ut frå tilbakemeldinga eg har fått på bloggen. For å samle trådane litt når det gjeld pedagogisk grunnsyn må eg først forklare litt om kva eg legg vekt på. Synet eg har på kunnskap er retta mot det praktiske - først når tankar, idear og teoriar kan nyttast i praktiske/nyttige situasjonar vil eg kalle deg kunnskap. Tankar, idear og teoriar kan ein få gjennom teori, men kunnskap berre ved å overføre det til noko praktisk/nyttig. Kunnskap kan ein få åleine eller saman med andre, med språk som hjelpemiddel eller tanke som hjelpemiddel.

Nokre viktige stikkord for meg blir då:
- samanheng mellom teori og praksis
- læring gjennom erfaring - prøve og feile i fellesskap eller einsemd
- størst lærelyst ved uorganisert og uformell aktivitet
- motivasjon gjennom meistrng

Med dette som utgangspunkt, er det John Dewey sin "Learning by doing" som står mitt hjarte nærast. Slik eg forstår og tolkar Dewey sine tankar, dekkjer dei alle stikkorda eg ser på som viktige for å kunne lære (konstruere kunnskap). Eg ser likevel fragment i andre læringssyn og teoriar som relevante, og kjem derfor aldri til å fylgje Dewey slavisk.

I tillegg til Dewey vil eg òg trekkje inn Albet Bandura, særleg på motivasjonsfronten. Hans Self-efficacy-teori, med fire kjelder til motivasjon med meistring som den vikigaste er svært fornuftig. Slik eg ser det, går Dewey og Bandura sine tankar i same retning. Dersom eg då må basere mitt pedagogiske grunnsyn på ein eller fleire teoretikarar, blir det John Dewey og Albert Bandura.

mandag 22. oktober 2007

Læringsteoriar II

For å ta historien dei siste vekene først har den vore tung til tider, men òg svært lærerik. Første veka gjekk i hovudsak med til å setje seg inn i ulike læringssyn. Denne perioden valde eg å dele i to. Første del handla om å få eit overblikk over ulike retningar og kva grunnsyn ulike teoretikarar hadde. Deretter kunne eg sjå nærare på nokre teoretikarar innanfor kvart syn, for så å samanlikne.

Bakgrunnen for dette valet var eit ynskje om å sjå etter samanhengar mellom læringssyn og filosofiske retningar/kulturen i heimlandet til dei ulike teoretikarane. Grunna ei personleg interesse for historie tykte eg det var spanande å leite etter slike samanhengar. Døme på slike samanhengar er Lev Vygotsky sin tilknytning til Karl Marx og marxismen. Denne måten å arbeide meg gjennom stoffet fugere svært godt for meg, av den grunn at eg får fleire "knaggar" å hengje stoffet på.

Praksisgruppa mi gjekk saman med ei anna gruppe den første veka. Håpet var å få fram ulike tolkingar av dei ulike retningane, og dermed få større forståing av retningane/teoriane. Denne måten å arbeide på fungerte greit. For å få nok kunnskap om kvar retning, var eg likevel nøyd til å arbeide meg gjennom stoffet sjølv.

Som framføring prøvde me å tydeleggjera forskjellar mellom ulike måtar å læra på - ulike læringssyn. Dette vart konkretisert ved å vise to ytterpunkt + eit tilfeldig samansetning av folk sitt syn på læring. Poenget vårt var å vise at menneske lærer best på ulike måtar. Det er i det minste tanken min, kanskje òg resten av gruppa, i ei byrjande læringsplattform.

For å kome med ei form for konklusjon på dette prosjektarbeidet, vil den vera nettopp slik. Personleg har eg har etter kvart byrja få idèar/tankar om kva metode som kan fungere i enkelte situasjonar. Desse idèane/tankane baserer seg ikkje på eit bestemt læringssyn, men å kombinere dei. Ved å nytte seg av metodar/verktøy frå ulike retningar i ulike situasjonar, har eg tru på at flest mogeleg elevar får gode føresetnadar for å læra.


Nyredigert 08.04.2008

Den viktigaste grunnen for å ha eit klart pedagogisk grunnsyn, er etter mitt syn, elevane. Måten ein oppfører seg på, arbeidsmetodar og undervisningsmetodar vert alle påverka av grnnsynet ditt. Til dømes vil eit pedagogisk grunnsyn som seier at tankeverksemd og indre dialog er viktig, vil kanskje påverke læraren til å velje arbeidsmetodar som fremjar slike aktivitetar. Medan eit grunnsyn der dialog mellom menneske står sentralt vil påverke til å velje andre aktvitetar.

Mine eigne tankar og mitt eige pedagogiske grunnsyn vil eg gje uttrykk for under repetisjonsbloggen frå desse vekene. Sjølv om eg ikkje er særleg fan av å dra fram nokre teoriar som er viktigre enn andre, vil eg likevel gjere det. I alle fall dei teoriane som stemmer best overeins med mine tankar.

mandag 8. oktober 2007

Læringsteoriar

Dette innlegget blir av det korte slaget, men vil verta utvida etter kvart.

Eg må sei meg kjempenøgd med arbeidsmetoden HSH har valgt for å gje oss studentar ei pedagogisk grunnplattform. I staden for å starte med reine førelesingar må me verkeleg leggje ned ein innsats for å få oversikt over ulike grunnsyn på læring. Når me i tillegg skal ha framføring av "valfritt" tema innan læringsteoriar har me verkeleg eit mål å jobbe mot.

Eg forventar å lære mykje sjølv om pedagogiske tankar, samt starte bygginga av mi eiga plattform.

Læraren i dagens skule/klasserom

«Læraren hadde høge hugmål, og var engasjert i fråhaldssak, målsak, norskdom og kristendom. Han levde med folket i glede og sorg, og han var kyrkjesongar, og forsongar ved gravferder og slikt. På 17de mai var han sjølvskriven talar. Det var han som hadde lengste maisløyfa i jakkeslaget, og dette vart oppfatta som han var den som stod på høgast nivå i kunnskap og nasjonalkjensle»

Sitatet har eg brukt tidlegare i bloggen, men tykte det passa godt inn her òg. Dette var krava ein lærar måtte innfri for 100 år sidan. Kva er så endra fram til i dag?

Sitatet fortel oss at ein lærar er "på jobb" heile tida. Handlingane til ein lærar påverka (lokal)samfunnet - noko som gjeld i vår tid òg. Læraren måtte/må planleggje, gjennomføre og evaluere undervisningsøkter i begge tidsperiodar. I tillegg var/er læraren viktig for sosialiseringa til elevar.

Ulikskapane er først og fremst teknologien, men også fagsamansetninga og verktøy/metodar læraren kunne nytte seg av. Disiplin både var, og er, viktig for god undervisning. Der læraren rundt 1900 kunne nytte seg av fysiske og psykiske straffemetodar, må dagens lærar bruke innsida av hovudet for å skape ro og orden. Dette har endra lærarrollen frå autoritær til ein autoritet.

Spørsmålet er derfor korleis læraren kan bruke autoriteten sin til det beste for elevane. Fagleg og sosial læring er viktige grunnar til at elevar blir sendt på skulen. Denne førelesinga gav oss ei rekkje tips til korleis handtere dette best mogeleg.

I det store og heile er eg einig/positiv til desse verkemiddela, men dei må brukast fornuftig og på riktig tidspunkt. Den raude tråden er likevel å vera tydeleg og konsekvent i alt ein føretek seg - superviktig for å skaffe seg autoritet. Som "krydder" i kvardagen kjem positivitet, engasjement og humor. Alt dette er eigenskapar som må trenast for å bli gode - rett plass, rett tid, rett måte er svært viktig for å bli oppfatta som ærleg og motiverande.


Nyredigert 08.04.2008

Som eg skriv i svaret til Anna Kristin var det ingen revolsjonerande nyhende for meg med tanke på arbeidsmetodar. Metodane var kjende frå før sjølv om det er små tips og hint som er gode å få med seg. Å høyre andre sine erfaringar er òg spanande. Den !store" tanken" eg sit igjen med no i seinare tid er kor viktig det er med variasjon. Elevar treng varierte oppgåver for å lære best mogleg. Elevar lærer best på ulike måtar og ved variasjon er det stor sjanse for at alle opplever meistring. Eg har opplevd under praksis kor mykje meistringskjensla har å sei for elevar, og jo oftare dei oppever den, jo meir motivert blir dei til vidare arbeid.

Slik eg ser det, må dette vera det beste resultatet/utbytte av å variere arbeidsmetodane i løet av ein skuledag. Om ikkje anna er denne tanken bygd på eigne erfaringar frå mellom anna praksisen dette året.

Når det gjeld arbeidsmetodar var det ikkje noko revolusjonerande for meg i denne førelesinga. Har vore innom dei ulike metodane både som student og under arbeid. Men eg må ærleg vedgå at nokre små AHA-opplevingar likevel. Det hadde først og fremst med framstillinga til Birgit å gjera, og hennar erfaringar - gode tips å ta med vidare (t.d. boksesekken).

mandag 10. september 2007

Observasjon

Eg dristar meg til å koma med ein påstand: Observasjon er den vanlegaste og mest populære aktiviteten for eit menneske. Det er noko alle gjer, bevisst eller ubevisst, så godt som heile tida. Observasjon blir blir brukt som verktøy i dei fleste yrkesgrupper, enten for å tileigne kunnskap og ferdigheiter eller for å utføre arbeidet best mogeleg. Politi, industri, bonde, og lærar er alle eksempel på yrke som krev observasjon. Forskjellen ligg i kva som blir observert og korleis. Industri og politiyrke observerer mykje for å skilje rett og galt. Medan ein bonde og ein lærar observerer for å ta vare på dyr, planter og menneske. Grensene er sjølvsagt glidande, men poenget mitt er at når det dreier seg om utvikling av levande organismar er det fleire variablar å ta hensyn til.

For å rette det mot læraryrket kjem eg med ein ny påstand: Observasjon er den eldste måten å tileigne seg ferdigheiter på. Me byrjar allereie som små, ved sjå på foreldra våre. Alt skjer utan nokon form for instruksjon i korleis observere. Born vil etterlikne aktiviteten dei har observert, og ved eigen, ubevisst, refleksjon eller instruksjon tileigne seg kunnskap og ferdigheiter.

Denne undervisningsmetoden er den tradisjonelle måten å lære born prakiske ferdigheiter. Me kan sjå det i Norge så vel som i resten av verda. Niels Faarlund har kalla denne modellen "bestefarsmodellen", og er henta frå Nepal der besteforeldre lærer barnebarn, gjennom observasjon - instruksjon, prøving og feiling, å utføre f. eks. gardsarbeid. I dagens norske samfunn er ikkje dette like vanleg, men i "gamle dagar" var modellen den same som i dagens Nepal.

Med historien som bakgrunn vil eg sei at eg er svært nøgd med å starta praksisopplæringa med observasjon. Personleg trur eg det vil bli vanskeleg å berre halde seg til observasjon, men det er ei utfordring eg må ta på strak arm. Eg gler meg i alle fal som eit born til å kome ut i felten.


Nyredigert 10.04.2008

No i ettertid har eg oppdaga kva gode eigenskapar innan observasjon kan gjere for ein lærar. Som sagt observerer me heile tida, bevisst eller ubevisst. Som lærar vil elevane vera "offer" for mykje av denne observasjonen. For å danne seg eit totalbilete av ein elev vil observasjon vera eit sentralt verkty. Både positive og negative sider av eleven/gruppa vil truleg kome fram over tid. Ved å vera til stades og fylgje med (observere), vil ein kunne sjå evt problem eleven/gruppa slit med. Dette kan gjelde både faglege, sosiale, samt symptom på moglege medisinske problem. Men observasjon vil ikkje berre "avdekke" negative trekk. Positive trekk/handlingar hjå ein elev/gruppe vil sjølvsagt òg registrerast, og sidan LK06 har fokus på det positive er dette eit godt hjelpemiddel.

Det var nok denne, "faglege", forma for observasjon som var hovudtema i førelesinga 10.09.2007. Som sagt har eg blitt meir og meir bevisst på obervasjonsoppgåvene ein lærar har. Det er tross alt ein av eigenskapane som gjer oss til gode omsorgsmenneske - når me kan sjå andre menneske som har problem eller gode eigenskapar.

Læraren sitt mandat og mange oppgver

"Læraren hadde høge hugmål, og var engasjert i fråhaldssak, målsak, norskdom og kristendom. Han levde med folket i glede og sorg, og han var kyrkjesongar, og forsongar ved gravferder og slikt. På 17de mai var han sjølvskriven talar. Det var han som hadde lengste maisløyfa i jakkeslaget, og dette vart oppfatta som han var den som stod på høgast nivå i kunnskap og nasjonalkjensle" (Slagstad, Rune. De nasjonale strateger Pax, Oslo (1998)).

Sitatet over er ei skildring av læraren(rollen) frå siste halvdel av 1800-talet, då folkeskulen var i startfasen. Allereie då hadde læraren mange ulike oppgåver, om enn litt annleis enn i dag. Som Slagstad skriv stod læraren òg på høgste nivå innan kunnskap og var eit av dei yrka med størst anerkjensle.
Endringa for læraren fram til i dag syns, på enkelte område, er litt trist. Først og fremst tenkjer eg på statusen til læraryrket. Pr i dag tykkjer eg ikkje anerkjensla til læraren står i forhold til ansvaret som ligg på skuldrane deira. Eidsvåg seier òg at læraryrket ikkje er ein jobb, men meir eit kall.

Ansvaret gjeld jo meir enn undervisning av born, men òg for eksempel oppdraging og omsorg. Eg håpar derfor denne utvklinga vil endre seg igjen, slik at lærarane igjen kan få gode rammevilkår for å utføre arbeidet best mogeleg. Eg stiller meg derfor bak Høgskulen i Sogn og Fjordane som byrjar lærarutdanninga med å sei: "Velkommen til verdas viktigaste yrke "


Nyredigert 10.04.2008


I løpet av året som snart er gått, har òg tema for denne førelesinga blitt meir og meir interessant. Førelesinga som tok føre seg dei oppgåver ein lærar må meistre. Bakgrunnen er rett å slett dei styringsdokument som er utforma frå sentralt hald. Mellom anna er skulen "berre" ein oppbevaringsplass for born til dei når arbeidsalder, og skulen vil då vera ein viktig del av oppdraginga. Skulen er altså ikkje ein rein utdanningsinstitusjon, men og ein oppdragarinstisusjon. Dette fører til at læraren får stadig fleire "sko" å fylle og fleire roller å spele.

Personleg tykkjer eg det er vanskeleg å velgje ut ei eller nokre roller som er viktigare enn andre. Rolla læraren har som leiar ser eg på som grunnmuren i heile yrket, og dermed òg udiskutabelt den viktigaste. Dersom eg ser vekk frå leiarrolla, og prøver å velgje ein eller to roller, må det bli organisatoren og "psykologen". Organisatoren tek handterer alt rundt undervisninga, medan "psykologen" handterer all kontakt mellom menneske.

Målet for organisatoren er å leggje opp til god og inspirerande undervisning. Dette omfattar både planlegging, gjennomføring/framføring og vurdering/vegleiing. Psykologen har som mål å skape gode relasjonar til elevane - noko som gjer han/ho til ein tillitsperson og truleg godt førebilete.

onsdag 29. august 2007

Ein lærar eg hugsar godt

Den læraren eg kanskje hugsar best frå barneskulen er ein av dei som fylgde meg gjennom to år, 5. og 6. klasse. For det første var det ein mann, ikkje at det betyr noko, men det var no ein gong slik. Han var av den tradisjonelle typen med masse praktisk kunnskap om ulike tema, og med eit hardbarka andlet. I perioden han var lærar for meg nærma han seg 60 år, med ein byrjande måne omkransa av grå hår. Brystkassen som, i fylgje han sjølv, ein gong hadde vore kraftig og solid, var berre eit buksebeltet frå å nå golvet.

Som lærar var han etter mitt syn, den gongen, heilt strålande. Han var den læraren eg lærde mest av i heile grunnskulen. Grunnen til det var nok sett saman av ulike faktorar. For det første hadde han eigenskapen til å setje teori opp mot praksis. Denne kombinasjonen gjorde at han fanga opp både dei som var teoretisk flinke og dei med meir praktisk handlag. Klassen(ane) blei svært godt samansveisa sidan alle hadde kjensla av å meistre noko i løpet av skuledagen.

I sjølve undervisninga var denne læraren tydeleg i alt han føretok seg, mellom anne kva han venta seg tilbake frå oss elevar. For det er ikkje til å leggje skjul på at han stilte krav til innsats i dei ulike faga. Slike krav syns eg var heilt strålande å få, mest av alt for å ha noko bestemt å jobbe mot. Eg tykte òg han var dyktig til å finne gode sider ved personar, for så å fokusere på dei. Elevane følte seg dermed trygge og hadde lettare for å innfri forventningane som blei stilt.

I tillegg til desse mellommenneskelege eigenskapane, var han sjølvsagt fagleg dyktig (teori). For min eigen del kom dei likevel litt i andre rekkje. Eg opplevde det slikt at på grunn av eit godt klassemiljø, vart det lettare å utbytte av det faglege.

For min eigen del har eg ynskje om å trekkje ut, og nytte meg av, dei sidene ved denne læraren eg tykte fungerte. Det er svært sannsynleg at nokre av metodane må moderniserast ein tanke, men eg tykkjer likevel utgangspunktet er så bra at det er verdt å satse på. Fokus på det positive, kombinasjon mellom teori og praksis samt tydelege meldingar, f. eks. forventningar og krav, er eigenskapar eg ynskjer å ta med meg, frå denne læraren, og inn i læraryrket.

mandag 27. august 2007

Kommunikasjonforelesing

Årets andre forelesing i pedagogikk er historie, og dersom det fortset slik har me mykje å gle oss til. Etter mitt syn var dette ei kjempeforelesing, både med tanke på innhald og timing.

Det beste er kanskje timinga, at denne forelesinga kom så tidleg i studiet. Andre plassar har eg opplevd at slike leksjonar ofte nærast blir "slengt" på mot slutten av studiet, og då blir ofte utbytte så som så. Personleg tykkjer eg at å ha god kontakt med personar rundt deg ofte er vel så viktig som å kunne det faglege til fingerspissane. Derfor var det godt å sjå at HSH har valt å leggje vekt på dette allereie frå starten.

Vidare tykte eg òg at innhaldet i all hovudsak var bra. Poenga som vart tatt opp var både fornuftige og vart utdjupa med eksempel. For å samanlikne med idrett- og friluftsaktivitetar/pedagogikk, er det mange fellestrekk å spore. Det er sjølvsagt enkelte forskjellar, men utgangspunktet er mykje likt. Personleg gjer det at eg får ei ekstra vitamininnsprøyting for å jobbe vidare med pedagogikkfaget.


Nyredigert 10.04.2008

Framleis tykkjer eg denne førelesinga kanskje var den beste gjennom heile året. Samarbeid/teamarbeid og kommunikasjon er, anten me vil eller ikkje, svært viktig. Gjennom året har eg, som med mange andre tema i år, blitt meir bevisst på moment denne førelesinga tok opp. Særleg praksisperiodane har gjort meg mykje meir bevisst på både samarbeid og kommunikasjon. Internt i praksisgruppa, kontakten med øvingslærarar og situasjonar i klassen har gitt utfordringar med tanke på samarbeid og kommunikasjon.

Dei erfaringane eg sit igjen med, dreier seg mykje om formuleringar. Orda ein brukar kan i stor grad avgjere utfallet av ein situasjon. God formuleringsevne, samt evna til å tolke ulike menneske, ser eg som ein superviktig eigenskap. Gjennom året, har nokre av slidane i Power point-framsyninga vore flittig i bruk.

I tillegg var det ei morosam, men tankevekkjande utfordring BBC-linken gav meg. Hadde ikkje trudd det skulle vera så vanskeleg å tolke ansiktsuttrykk.

fredag 24. august 2007

Kvifor lærar og kvifor HSH?

Det er fleire grunnar til at eg ynskejr å bli lærar. Ein av grunnane til at eg valde lærarutdanning har med mogeligheitane i arbeidslivet å gjere. Læraryrket har behov for ny og ivrig arbeidskraft i framtida, og kanskje særleg mannlege lærar. Sjansane for å få arbeid ser eg på som svært gode, noko som er viktig for meg som for alle andre.

Den andre grunnen har med sjølve arbeidet og arbeidsdagen/året å gjere. For det første får me arbeide med levande vesen, noko eg tykkjer er mykje meir spanande ein dei fleste andre jobbar. I tilleg let læraryrket seg kombinere med mange andre aktivitetar både på kveldstid og i feriar. Dette er og noko eg la vekt på i val av utdanning.

At valet endte opp på Stord har med økonomi å gjere. For det første er det billegare å bu på Stord enn det er f. eks. i Bergen. Det andre som trakk meg i retning Stord er jobben min. Som fjell/breførar i Kvinnheradsfjella er eg avhengig av å bu i nærleiken, og der passa Stord som hånd i hanske. Så lenge det fins menneske som ynskjer ei oppleving anten på breen eller i fjellet er sjansen for å tene nokre kroner stor, som igjen er naudsynt for å overleve.

Pedagogikk - eit nytt fag?

Første veka med peagogikk er no gjort unna, og så langt er alt berre velstand. Me har møtt både Birgit og Aashild, som har svært ulike måtar å undervise på. Det kan godt vera positivt, men må ærleg inrømme at eg er spent på korleis det utviklar seg.

Pedagogikkfaget i seg sjølv er eg også spent på. Så langt har eg ingen ting å utsetje på det som er tatt opp. Kjekt med eit fag der ein kan utveksle litt erfaringar og setje det opp mot ulike læringsteoriar. For det er vel ikkje til å legge skjul på at alle har hatt ulike typar pedagogar og lærarar.

Sjølv kjem eg svært ofte til å samanlikne det me blir presenert for på HSH med det eg har lært på HISF og HIT innan idrett- og friluftslivspedagogikk. Ser for meg at det vil vera både likskapar og ulikskapar å spore, og i den samanheng håpar eg å kunne diskutere ddei med både medstudentar og forelesarar/lærarar.


Revidert 15.04.2008

Berre slik at det ikkje endar i misforståing; Når eg publiserer refleksjonsnotatet i pedagogikk vil eg ta føre meg dei tankar eg sit igjen med no - frå oppstarten i fjor haust og fram til no. Derfor seier eg ikkje meir om dei forventningane eg hadde til faget i dette innlegget. Alt av oppsummeringar vil altså koma i "los notat de reflektiona".

mandag 20. august 2007

Presentasjon av Bertin

Hei og velkomen

Som ny student på så vel allmennlærerstudiet som på Stord er det vel berre rett og rimeleg å presentere meg sjølv. Det blir ein presentasjon i kortform så dersom noko vekkjer interesse er det sjølvsagt berre å ta kontakt.

For å starte med litt reinspikka faktaopplysningar så heiter eg Hans Bertin Hjortland, men opererer stort sett under navnet Bertin. Pr dags dato er eg 23 år, kjem frå Hatlestrand i Hardanger. Men så lenge eg på Stord har eg Studentheimen som haldeplass.

Frå før av, i tillegg til vidaregåande skule på Husnes, har eg hatt ein liten "Norgesturne" som student. Ut av dette kom ei bachelorgrad i idrett og friluftsliv frå dels Bø og dels Sogndal. Denne utdanninga skal toppast med allmenlærarutdanning på Stord for på den måten å stå godt rusta til arbeidslivet i framtida.